Jobbsafari

Førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk med særleg ansvar for litteraturdidaktikk

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest5.4.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk med særleg ansvar for litteraturdidaktikk

Velkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk med særleg ansvar for litteraturdidatikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), med oppstartsdato  1.oktober 2024 eller så snart som mogleg etter dette.


Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Instituttet har om lag 70 vitskaplege tilsette, 15 administrativt tilsette, og om lag 40 stipendiatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i digital kultur, klassisk filologi, kunsthistorie, lingvistikk, litteraturvitskap, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, norsk som andrespråk, teatervitskap og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. LLE er óg stolt vertskap for eit senter for framifrå forsking, Senter for digitale forteljingar, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.

Dei tre fast tilsette i nordisk fagdidaktikk underviser dei som skal bli lærarar i norsk i lektorprogrammet, praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og programmet for erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk.


Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein førsteamanuensis med ekspertise i fagdidaktikk og nordisk litteraturvitskap. Den som blir tilsett vil ha rett og plikt til å forska innanfor sitt forskingsfelt. Instituttet forventar at den som blir tilsett tar ei aktiv rolle i forskargrupper, prosjektutvikling, formidling og søking av eksterne midlar.

Den som blir tilsett skal og undervise, sensurere og rettleie på alle nivå og i alle program der nordisk fagdidaktikk inngår, inkludert studentar som er i praksis, og være med og utvikle læreplanar i samsvar med gjeldande studiereglement. Ein kan også få andre undervisnings- og rettleiingsoppgåver som er relevant i høve til gjeldande kompetanse og forskingsprofil. Dette gjeld også emne knytt til etter- og vidareutdanning, dessutan både campusbasert og digital undervisning. Det ligg også administrative oppgåver til stillinga.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, deltek i instituttet si daglege drift og rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Kvalifikasjonskrav og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha forskingskompetanse i nordisk fagdidaktikk med litterær innretning tilsvarande norsk doktorgrad.
  • Pedagogisk basisutdanning i form av fullført praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande som gir undervisningskompetanse i norsk skule, er eit krav for stillinga.
  • Sidan fagdidaktikken tangerer alle delar av nordiskfaget, vil det vere ønskeleg med ei dokumentert brei fagleg orientering.
  • Undervisningspraksis frå skuleverket vil verte vektlagt i vurderinga av søkjarane.
  • Ein vil òg leggje vekt på om søkjarane har arbeidt med utvikling av læremiddel og har erfaring med lærarutdanning på høgskule- og universitetsnivå.
  • I vurderinga vil det telje positivt om søkjaren kan vise til systematisk arbeid med utvikling av undervisningskvalitet i skulen eller i høgare utdanning.
  • Til stillinga som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
  • Det er ein fordel med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt.
  • Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt. Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging og undervising vil og vektleggast.
  • I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
  • Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Universitetet tilbyr norskkurs for utanlandske tilsette.

Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga.


Vi tilbyr:

  • Eit aktivt, dynamisk og støttande forskingsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 71-75 (kode 1011) i Statens regulativ. Dette utgjer i dag ei brutto årsløn på 708 000--759 100 kroner før skatt. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Attraktive vilkår for forsking, inkludert om lag 46 prosent forskingstid i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor.
  • Norskkurs for internasjonale tilsette er tilgjengeleg.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du på stillinga: 

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet og søknaden skal innehalde:

1. Søknadsbrev.
2. CV.
3. Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning).
4. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).
5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd.
6. Fullstendig liste over akademiske publikasjonar (som vedlegg).
7. Inntil 5 vitskapelge arbeid som anses som de viktigaste i produksjon (arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar/kapittel) som det skal takast omsyn til i vurderinga. Dersom upubliserte arbeider leggjast ved må dette grunngjevast særskilt. 
8. Namn og kontaktinformasjonen til tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Komiteen kan be om tilleggsdokumentasjon ved behov.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Rettleiing for utforming av søknad her.

NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.  


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med instituttleiar Anders Fagerjord, e-post [email protected] eller tlf. +47 55 58 24 18 eller professor Heming Helland Gujord, e-post [email protected] eller tlf. +47  55 58 24 39

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

For spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen, ta kontakt med [email protected].

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger