Jobbsafari

Førsteamanuensis i digital kultur

2 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest1.4.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis i digital kultur

Velkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis i digital kultur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), med oppstartsdato 1. oktober 2024 eller så snart som mogleg etter dette.


Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Instituttet har om lag 70 vitskaplege tilsette, 15 administrativt tilsette, og om lag 40 stipendiatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, lingvistikk, klassisk filologi, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, norsk som andrespråk og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. LLE er óg stolt vertskap for eit senter for framifrå forsking, Senter for digitale forteljingar, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.

Dei seks fast tilsette i digital kultur tilbyr bachelor, master og ph.d.-grader. Forskinga er særleg retta mot digital litteratur, digital kunst, maskinsyn og kunstig intelligens. Det meste av dette skjer i Senter for digitale forteljingar (Center for Digital Narrative, CDN), eit norsk senter for framifrå forsking som studerer digital litteratur, dataspel, digital kultur og databehandling for å fremme forståinga av digital forteljingar i brei forstand.


Arbeidsoppgåver: 

Vi søkjer ein førsteamanuensis med ekspertise på forsking med digitale metodar og etnografiske tilnærmingar for å studere moderne digital kultur. Den som blir tilsett vil ha rett og plikt til å forska innanfor sitt forskingsfelt. Kandidaten må kunne dokumentere forsking av høgt internasjonalt format og vise til eit godt internasjonalt nettverk, sett i forhold til karrieretrinnet sitt. Instituttet forventar at den som blir tilsett tar ei aktiv rolle i forskargrupper. Det er forventa at den som vert tilsett tar ei aktiv rolle innan prosjektutvikling, formidling og søking av eksterne midlar.

Den som blir tilsett skal og undervise, sensurere og rettleie på alle nivå og i alle program der digital kultur inngår, og være med og utvikle læreplanar i samsvar med gjeldande studiereglement. Det ligg også administrative oppgåver til stillinga.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, deltek i instituttet si daglege drift og rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.


Kvalifikasjonskrav og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha forskingskompetanse i digital kultur eller innan eit anna relatert forskingsfelt tilsvarande norsk doktorgrad.
  • I vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
  • Ekspertise i og røynsle med forsking på digital kultur i samtida med digitale metodar og etnografiske tilnærmingar er eit krav.
  • Søkjarar må dokumentere forsking av høg internasjonal standard innanfor digital kultur, og eit sterkt internasjonalt nettverk.
  • Søkjarar må vise framgang i forsking og publisering utover doktorgradsavhandlinga si og inkludere planar for framtidig forsking.
  • Dokumentert røynsle med undervising i samarbeid med arbeidslivet er ein føremon.
  • Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt. Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging og undervising vil og vektleggast.
  • Til stillinga som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
  • Flytande engelsk er eit krav.
  • Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Den sakkyndige komiteen vil ta karriereutviklingsstadiet til søkjaren i betraktning ved vurdering av søknaden.

Forskarar som er tidleg til midt i karrieren sin og kandidatar frå tradisjonelt underrepresenterte sosiale grupper og bakgrunnar blir spesielt oppmoda til å søkje.


Vi tilbyr:

  • Eit aktivt, dynamisk og støttande forskingsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 71-75 (kode 1011) i Statens lønsregulativ. Dette utgjer i dag ei brutto årsløn på 708.000-759.100 kroner før skatt. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Attraktive vilkår for forsking, inkludert om lag 46 prosent forskingstid i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor.
  • Norskkurs for internasjonale tilsette er tilgjengeleg.
  • Eigna pedagogikkurs tilgjengeleg for tilsette som manglar gjennomført formell pedagogisk opplæring på søknadstidspunktet.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjar du på stillinga: 

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.
  • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).
  • Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd.
  • Publikasjonsliste (som vedlegg).
  • Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga.
  • Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Komiteen kan be om tilleggsdokumentasjon ved behov.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Rettleiing for utforming av søknad her.

NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med instituttleiar ved LLE Anders Fagerjord per e-post [email protected] eller tlf. +47 55 58 24 18, eller professor Scott Rettberg, koordinator for programmet Digital kultur per e-post [email protected] eller tlf. +47 55 58 22 64

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til [email protected].

Les meir om tilsettingsprosessen her.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger