Frititidskoordinator for ungdom
Om stillingen
Vil du vera med å skapa noko viktig for ungdom i Midt-Telemark?
Brenn du for ungdomsarbeid og har lyst til å byggja opp eit inkluderande og inspirerande fritidstilbod? No har du sjansen!
Midt-Telemark kommune lyser ut ei 50 % prosjektstilling som Fritidskoordinator i eit treårig prosjekt som skal etablera og drifta ungdomsklubb med avdelingar i både Bø og Gvarv. Gjennom aktiv ungdomsmedverknad får du vera med å forma eit tilbod som treff målgruppa – på deira premissar.
Som fritidskoordinator får du ei nøkkelrolle i å skapa møteplassar, aktivitetar og engasjement for ungdom i kommunen. Du vil jobba sjølvstendig, men i tett samarbeid med ungdom, kollegaer og lokalmiljøet. Dette er ei stilling med stor fleksibilitet, og krev ein person som er både strukturert, kreativ og god på relasjonsbygging.
Stillinga ligg under Bo og Mestring, tenesta tilrettelagt aktivitet.
Må påreknas noko kvelds- og helgearbeid.
Arbeidsoppgåver
- Dokumentasjon, oppfølging og rapportering på ungdomsarbeidet
- Kartleggja behov og sikre ungdomsmedverknad
- Etablere og drifta ungdomsklubb - laga eitt godt fritidstilbod for ungdom
- Samarbeid tette med ungdomskulane og det frivillige.
- Delta i relevante fagmiljø saman med spesialkonsulent frå tenesta tilrettelagd aktivitet
- Søke tilskotsmidlar. for å styrke tenestetilbod
Kvalifikasjonar
Ønska kompetanse
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Erfaring innen arbeid med ungdom aldersgruppen 13-16 år
- Erfaring innen prosjektarbeid og søke tilskotsmidlar
- Erfaring i ledelse av aktivitet for ungdom
- God på å utføre relasjonskompetanse
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Politiregisterforskriften § 34-12, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeida sjølvstendige og strukturert
- Kreativ og nytenkjande
- Tålmodig
- Grensesetting
- Raus og inkluderande
- God i menneskemøter
- God på samarbeid
- God på å skapa tillit
Personlig egnethet vektlegges
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Merete Pladsen Schei, Avdelingsleiar, +47 90156021
Arbeidsstad
Holmenvegen 23
3810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5024287433
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 02.01.2026
Sluttdato: 31.12.2028
Søknadsfrist: 20.10.2025

