Jobbsafari
Framtida Junior

Framtida Junior søkjer journalist

OmrådeStord
Publisert11.1.2025
Søk senest3.2.2025

Om stillingen

Framtida Junior søkjer journalist

Framtida Junior lyser ut etter journalist i vikariat.

Framtida Junior søkjer etter ein idérik og kontaktskapande journalist i vikariat i sju månader.

Me tilbyr ein kjekk og utfordrande jobb i eit lærerikt miljø -- der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på og der du får stor fridom til å setja ditt preg på Framtida Junior og utvikla avisa til å nå endå fleire barn.

Du er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.

Du har god bildeforståing, meistrar foto og enkel video, og er god til å formidla for born og unge. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel. Erfaring som lærar og frivillig arbeid er ōg positivt.

Stillinga er eit vikariat i 100 prosent stilling frå etter påske og fram til november. Dersom du er interessert i å jobba deltid i delar av perioden, til dømes i kombinasjon med studium, så er me opne for det!

Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav B. Langåker , redaktør Framtida Junior, mobil 94875365 og epost [email protected] og klubbleiar Birgitte Bakken, mobil 452 79 435

Søknadsfrist: Snarast og seinast 4. februar

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein @ framtida.no -- og skriv om du ønskjer å jobba ved Stord-kontoret eller Oslo-kontoret vårt.

Framtida Junior

BedriftFramtida Junior

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger