Systemforvaltar eigedom og bygg
24 dager sidenOm stillingen
Helse Vest IKT er ei av dei største IT-bedriftene på Vestlandet. Vi forvaltar og har driftsansvar for både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderar alt frå store komplekse regionale system, til mindre, lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.
Seksjon for Administrative system høyrer til under avdelinga Tenesteutvikling. Her blir mange av dei store systemløysingane i Helse Vest forvalta, som til dømes dei for HR, prosjektstyring, HMS,
sak/arkiv, kvalitetsstyring, samt drift og eigedom. I tillegg har
seksjonen forvaltaransvar for Sjukehusapoteka Vest sine kjernesystem.
Vi søkjer no etter ein medarbeidar som kan bidra i forvaltingsarbeidet rundt systemløysingar innanfor drift- og eigedomsforvaltning. Dette inneber mellom anna forvaltningsansvar for FDVU-system, reinhaldssystem, kjøkkenlogistikksystem, planteikningssystem og liknande applikasjonar.
Du som forvaltar vil vere den som har oversikt, som planlegg og koordinerer
aktiviteten som skal skje rundt desse løysingane, og som følger opp utvikling
og bruk. Du har tett samarbeid med systemansvarlege og
superbrukarar både regionalt og lokalt, og du tek del i samarbeidsforum med helseføretaka. Internt i
Helse Vest IKT jobbar du i team med andre medarbeidarar rundt dei aktuelle
løysingane.
Arbeidsstad er Stavanger, Bergen, Haugesund eller Førde.
Arbeidsoppgåver
Du har, saman med teamet du jobbar i, ansvar for drift, forvalting og vidareutvikling av systemløysingane. Dette inneber at:
- Forbetring er viktig for deg, og du er ein pådrivar for vidareutvikling av system og arbeidsprosessar.
- Du gir råd, bidreg til problemløysing og handterer episodar.
- Du koordinerer ulike aktivitetar inn mot brukarmiljøa og internt i Helse Vest IKT.
- Du koordinerer aktivitet mot leverandør og er eit proaktivt kontaktpunkt for oppgraderingar, funksjons- og løysingsforbetringar.
- Du bidreg til at løysinger du forvaltar er godt dokumentert.
- Du deltek i aktuelle prosjekt eller i aktuelle arbeidsgrupper.
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT.
- Erfaring med forvalting av system.
- Kjennskap til bruk av drift- og eigedomssystem med tilhøyrande prosessar tel positivt.
- Kjennskap til helseføretak som brukarmasse tel positivt.
- Teknisk kompetanse, erfaring og forståing er naudsynt dersom du ikkje har fordjuping innan IKT.
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
- Du er god på å gjere prioriteringar i ein hektisk kvardag.
- Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og likar å jobbe i team.
- Du har interesse for feilsøking og problemløysing.
- Du har interesse for vidareutvikling og er proaktiv.
Vi tilbyr
- Du får moglegheita til å medverke i utforminga av IKT-løysingar for framtidas helsevesen.
- Du får delta i spanande oppgåver både lokalt og regionalt.
- Du får delta i eit fellesskap og i team med mange kjekke kollegaer med brei kompetanse.
- Moglegheit for fleksible arbeidstidsordningar, inkludert fleksitid.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Oddny Sønnesyn, Seksjonsleiar, +47 94864942
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 29
5052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 4833481868
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024
Tenesteutvikling, Helse Vest IKT
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 11.9.2024Varmepumpemontør Mosjøen
Mosjøen - Ptg Helgeland AS - Publisert 4.10.2024Helsefagarbeider, natt
Overlege BUP Vest, enhet ungdom
Oslo - Diakonhjemmet Sykehus AS - Publisert 4.10.2024Allmennlege til nyetablering av legesenter i Trondheim
Trondheim - Enhet for legetjenester og smittevernarbeid, Trondheim kommune - Publisert 4.10.2024