University of Bergen
Forskingsrådgjevar ved Fakultet for kunst, musikk og design
Om stillingen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar i 100% stilling.
Frå 1. januar 2027 får KMD ansvar for den nasjonale forskarskulen i kunstnarisk utviklingsarbeid. Forskarskulen har tidlegare vore ein del av Direktoratet for høgare utdanning (HK-dir), men er no lagt til KMD, som skal forvalte den på vegne av dei kunstfaglege miljøa i Universitets- og høgskulesektoren. Denne stillinga er ein unik moglegheit til å være med i oppstart og etablering av forskarskulen ved fakultetet, og krev god forståing for samspel mellom administrasjon og fagleg verksemd.
KMD er med sine ca. 190 tilsette og omlag 650 studentar fordelt på tre institutt. Vi er eit fagleg vidfemnande fakultet, med forskingsaktivitet innan kunstnarleg utviklingsarbeid i våre kunstnariske og utøvande fagmiljø, i tillegg til vitskapleg forsking innan musikkvitskap og musikkterapi. Som seniorrådgjevar inngår du i eit team på om lag 4 årsverk, og vil bli ein del av forskingsadministrasjonen ved fakultetet.
- Utdanning på mastergradsnivå er eit krav. Doktorgrad er ein føremon.
- Relevant erfaring innan administrasjon, gjerne frå universitets- og høgskolesektoren og/eller prosjektleiarerfaring frå offentleg forvaltning eller kulturbransjen
- Erfaring frå samarbeid med fagmiljø innan kunstnarisk utviklingsarbeid.
- Innsikt i og nettverk innanfor kunstnarisk utviklingsarbeid.
- Søkjar må ha gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg, i tillegg til norsk (begge målformer).
- Relevant praksis og god administrativ IT-kompetanse
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- Evne til å motivere, skape kontakt og fremje samarbeid
- Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, strategisk og målretta
- Evne og vilje til omstilling i en sektor som er i endring
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel og serviceinnstilt
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i med årsløn tilsvarande kr 642 000 - 790 000 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjend utdannings- og forskingsmiljø.
- Høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre kunstnarlege og vitskaplege tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppekoordinator for forskingsadministrasjonen Thomas De Ridder, [email protected], tlf. 91638017 eller fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, [email protected], tlf. 95198327.
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: [email protected]
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
University of Bergen
Bedrift
University of Bergen