Endre Grøvik

Forskingsgruppeleiar - AI in Medical Imaging

Område

Ålesund

Publisert

3.6.2026

Søk senest

10.6.2026

Om stillingen

Forskargruppa AI in Medical Imaging (AIMI) ved Helse Møre og Romsdal HF er ei internasjonalt retta og fagleg produktiv gruppe som arbeider i skjeringspunktet mellom kunstig intelligens, MR-fysikk og klinisk biletdiagnostikk. Gruppa har etablerte samarbeid med Stanford University, Oslo universitetssjukehus, NTNU, Norwegian Open AI Lab, Akershus universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus, og har ein sterk tradisjon for å kombinere metodeutvikling med klinisk translasjon og rettleiing av studentar.
Grunnleggjaren og tidlegare leiaren for gruppa, som no er forskings- og utdanningssjef ved HMR, vil framleis vere fagleg involvert med 20 % avsett forskingstid. Vi søkjer ein vikar som kan ta det operative leiaransvaret og arbeide tett med han for å vidareutvikle gruppa. Dette er ei unik moglegheit for ein ambisiøs forskar som ønskjer å leie ei etablert og internasjonalt synleg gruppe i ein spennande vekstfase, med tett fagleg støtte frå ein erfaren forskar og leiar.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere det faglege arbeidet i AIMI-gruppa og sikre framdrift i pågåande prosjekt
  • Bistå med rettleiing av bachelor-, master- og ph.d.-studentar i gruppa, i tett samarbeid med forskings- og utdanningssjefen
  • Planleggje og gjennomføre jamlege forskingsgruppemøte
  • Arrangere gruppa sine to årlege hackaton – ein etablert fagleg tradisjon i AIMI
  • Etablere nye forskingsprosjekt i forlenginga av gruppa sitt eksisterande forskingsprogram
  • Utarbeide og sende inn søknader om ekstern og intern forskingsfinansiering
  • Oppretthalde og vidareutvikle gruppa sine nasjonale og internasjonale forskingsnettverk
  • Bidra aktivt i forskingsarbeidet, inkludert publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift
  • Representere gruppa i relevante faglege forum, nasjonalt og internasjonalt
  • Andre oppgåver som naturleg fell inn under rolla som forskingsgruppeleiar

Kvalifikasjonar

  • Doktorgrad (ph.d.) innan relevant fagfelt, som kunstig intelligens, medisinsk biletdiagnostikk, medisinsk fysikk, informatikk eller tilsvarande
  • Solid forskingserfaring etter doktorgrad, helst med gjennomført postdoktorperiode
  • Erfaring frå store, etablerte forskings- eller teknologimiljø, nasjonalt eller internasjonalt
  • Dokumentert publiseringsaktivitet i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Erfaring med å søkje om og forvalte ekstern forskingsfinansiering (til dømes frå Forskingsrådet, EU Horizon eller regionale helseføretak)
  • Etablerte nasjonale eller internasjonale nettverk innan KI og medisinsk biletdiagnostikk
  • Kjennskap til kliniske arbeidsflytar og forskingsstrukturen i helseføretaka
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid mellom kliniske og teknologiske miljø
  • Erfaring med prosjektleiing og koordinering av forskingsaktivitetar
  • Erfaring med rettleiing av studentar og/eller forskarar

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg sterk og sjølvstendig, med evne til å inspirere og motivere studentar og forskarar
  • Du har gode leiar- og samarbeidsevner i eit tverrfagleg og internasjonalt miljø
  • Du er strukturert, med sterk gjennomføringsevne og evne til å handtere fleire parallelle oppgåver
  • Du er initiativrik og løysingsorientert
  • Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk
  • Du er engasjert i å utvikle KI-forsking som bidreg til betre pasientbehandling og klinisk translasjon
  • Du er genuint oppteken av å byggje og ivareta eit sterkt fagleg fellesskap

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ei fagleg spennande og meiningsfull leiarrolle i ei etablert og internasjonalt synleg forskingsgruppe
  • Tett fagleg samarbeid med forskings- og utdanningssjefen, som vil bidra med 20 % forskingstid og løpande fagleg støtte
  • Eit aktivt og engasjert forskingsmiljø med bachelor-, master- og ph.d.-studentar samt erfarne forskarar
  • Etablerte samarbeid med leiande miljø som Stanford University, NTNU, Oslo universitetssjukehus, Norwegian Open AI Lab, Akershus universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus
  • Ein levande gruppekultur med faglege tradisjonar som halvårlege hackathon og jamlege gruppemøte
  • Moglegheit til å bidra aktivt i forsking med rom for publisering og fagleg utvikling
  • Fleksible arbeidsforhold – stillinga er på 50 % og kan kombinerast med andre faglege aktivitetar
  • Konkurransedyktige vilkår etter HMR sitt lønsregulativ
  • Finansiering sikra for eitt år med moglegheit for forlenging i ytterlegare to år
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Kontaktinformasjon

Endre Grøvik, Forsknings- og utdanningssjef, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5114916905
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.07.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 10.06.2026

Tilbake til toppen

Endre Grøvik

Bedrift

Endre Grøvik

Søk etter flere lignende stillinger

ÅlesundIT

Lignende stillinger

Arbeidsleder for installasjon, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo8.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS