Jobbsafari
Sogn og Fjordane Energi

Forretningsutviklar

3 måneder siden
OmrådeSandane
Søk senest8.11.2024
JobbdetaljerAnnet
Søk på jobb

Om stillingen

Vil du vere med å skape grøn utvikling?

Forretningsutviklar

Som forretningsutviklar hos oss er hovudoppdraget ditt kort fortalt å ha overblikket på investeringar og posisjonere det nye innovasjonsselskapet for å oppnå vekst og verdipotensial. Du vil jobbe med å identifisere, forhandle og administrere strategiske partnerskap - herunder investeringar i porteføljeselskap. Like viktig er det å ha full fokus på porteføljen av investeringar og videreutvikle denne. Dine evnar og lidenskap for entreprenørskap er noko som driv deg og gjer deg god i dette arbeidet. Du har interesse for  forretningsutvikling og evne til å fordjupe deg i prosjekta du jobbar med. Du er strukturert og jobbar godt sjølvstendig men er og ein god bidragsytar og ein viktig lagspelar som både tek i mot og gir input med hensikt å styrke teamet og nå mål. Å skrive søknadar og rapportar vil vere ein naturleg del av  jobben, og ikkje minst å gjere greie for beslutningar både skriftleg og munleg. Her kjem dine utmerkte kommunikasjonsevner til sin rett, og dei er óg gode å ha når du skal ut å bygge relasjonar med interessentar. At du likar å vere på farten er ein fordel, for her vil det bli ein del reising, spesielt på Vestlandet. Du har helst høgare utdanning, gjerne med mastergrad innan økonomi, realfag, IKT eller tilsvarande, men her kan nokon års erfaring kompensere for relevant utdanning. Helst har du erfaring i frå strategiarbeid, forretningsutvikling og/eller prosjektleiing Elles er gode kommunikasjonseigenskapar i norsk og engelsk noko du må ha.  

Derfor skal du velje oss!

Vi trur og håpar at du synast at at arbeidsoppgåvene høyrast spennande ut men du skal vite at vi er eit selskap som tek svært godt vare på våre tilsette. At tilsette i SFE trivst godt vart stadfesta i vår nylege medarbeidarundersøking og vi trur du raskt vil leggje merkje til vårt gode arbeidsmiljø når du møter kollegaene dine. Vi satsar på medarbeidarane våre og vi har gode ordningar. Verdiane våre er Stolt, Frisk, Ekte. Vi forventer imidlertid ikkje at de kan absolutt alt vi spør etter. De vil ha gode kollegaer å støtte deg på i både i selskapet og i ulike fagmiljø i SFE.

Hovudkontoret vårt er på Sandane og det er her du har oppmøteplass dei aller fleste dagane i veka når du ikkje er på farten, men benytt deg også gjerne av våre kontorfasilitetar i Svelgen og Ålfoten. Vi meiner at mangfald er ein styrke, og oppmodar personar med ulike bakgrunnar til å søkje. Vi treng deg på laget, og gler oss til å høyre fra deg!

Spesifiser i søknaden din kva for ei av stillingane du søkjer på.

Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.

Sogn og Fjordane Energi

BedriftSogn og Fjordane Energi
Om bedriften

Noreg - og verda - er avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre - og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen. Vi skaper den fornybare framtida, det er samfunnsoppdraget vårt. Vi har nyleg etablert eit innovasjonsselskap og med dette skal vi bidra til grøn vekst og verdiskaping i regionen vår. Selskapet jobbar i dag mellom anna med biogass, hydrogen og landstraumsanlegg for skip, men vi ønskjer å utvide satsinga, og det er her du kjem inn i biletet. Det er i dag tre tilsette i selskapet, og vi ønskjer å styrke laget med to til - den kommersielle strategen som skal ha overblikk på portefølja av investeringar og jakte nye, og den systematiske prosjektutviklaren som skal jobbe meir teknisk i dei ulike prosjekta. Vi ser etter dykk som drøymer om ein jobb med meining og brenn for ei berekraftig utvikling  - på Vestlandet. Kanskje er det deg?

Lignende stillinger