Jobbsafari
Brønnøysundregistrene

Forretningsarkitekt

OmrådeBrønnøy
Publisert5.12.2024
Søk senest4.1.2025

Om stillingen

Om stillinga

Liker du å arbeide i spennet mellom prosessar, informasjon, brukarar og teknologi? Da kan du bli den nye forretningsarkitekten vår!

Vi har mange spennande aktivitetar og prosjekt gåande, og endå fleire på gang, og har behov for fleire forretningsarkitektar. Du må ha god kjennskap og erfaring med å sette forretning i system og legge til rette for digitalisert utvikling.

Forretningsarkitekten skal sjå forretninga sine funksjonar, tenester, informasjon, reglar og prosessar i ein heilskap. Vi kan da finne mønster og byggeklossar på tvers av tenestene og omsette dei til gode IT-løysingar.


Du får ansvar for

  • at løysingane som blir bygde er i samsvar med rammer frå referansearkitektur og krava og behova til forretningsområda
  • å bidra til vidareutvikling av prosessen og metodikken for arkitekturarbeid og arkitekturstyring
  • å bidra til eit fagmiljø i utvikling, der vi saman ivaretar og vidareutviklar arkitekturen
  • å delta i, og gi råd til, forretnings- og utviklingsteama og prosjekta våre
  • å ta nødvendige arkitekturavgjerder innanfor ansvarsområdet ditt

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • 3-5 års relevant høgare utdanning, for eksempel innan IT og digitalisering. Eller kanskje er du tenestedesignar, samfunnsvitar eller jurist med kunnskap om arkitektur og teknologi? Relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet. 
  • erfaring frå større organisasjonar, gjerne frå offentleg forvaltning som tilsett eller som konsulent.

Fint om du også

  • har jobba med arkitektur tidlegare og har kjennskap til rammeverk og notasjonar som for eksempel TOGAF, BPMN, UML, Archimate og liknande
  • beherskar norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • du er strukturert og engasjert
  • du har gjennomføringsevne og trivst i ei pådrivarrolle ? men er samstundes tolmodig og langsiktig målbevisst
  • du har gode samarbeidsevner og finn gode løysingar gjennom dialog
  • du er god til å sjå det store i det små, finn kjernen i komplekse problemstillingar og ser ulike ting i ein større samanheng
  • du har humor og liker deg i eit miljø med mykje energi og stor takhøgde

Dette får du hos oss

  • fast stilling som seniorrådgivar med årslønn frå kr 708 000 ? 895 500, avhengig av kvalifikasjonane dine. For særleg kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn bli vurdert.
  • interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
  • eit godt arbeidsmiljø med uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling  
  • fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
  • gode velferdsordningar i alle livsfasar og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som har ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • moderne kontorlokale med fantastisk utsikt over Helgelandskysten. Sjå den flotte arbeidsplass og byen vi bor i på Havnegata 48
  • hjelp til å skaffe bustad

Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for arbeid, kan vi formidle kontakt med desse.


Inkludering og mangfald er viktig for oss

Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Bu i Brønnøysund

Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vęr ? uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.


Korleis er det å jobbe hos oss sånn eigentleg?

Vi vil du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokre av våre medarbeidarar og stille dei spørsmåla du måtte ønske for å finne betre ut om vi er ein god match.


Verd å merke seg før du søker

Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din. 

For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT . 


Brønnøysundregistrene

BedriftBrønnøysundregistrene
Om bedriftenBrønnøysundregistrene utvikler og driver digitale tjenester som gjør dialogen med det offentlige enklere for personer og virksomheter. Vi driver mange av landets viktigste registre og har 450 medarbeidere.De fleste jobber i Brønnøysund. Vi har også kontorer i Narvik og Oslo.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger