Ferievikarer sommeren 2025
Om stillingen
Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb?
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av dei? Vi gir teneste til person med ulike behov, dei fleste med diagnosen utviklingshemming.
Frå ca 15. Juni og fram til ca 31. August treng vi sommervikarar til å gje praktisk/personleg bistand til tjenestemottakarar i Butjeneste Nordre ? Avdeling Skodje 1 og Skodje 2.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjent med eit nytt yrke. Vi treng Sjukepleiarar, Vernepleiarar, Helsefagarbeidarar, Miljøterapeuter, Assistenter eller Omsorgsarbeidarar. Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så vil vi gje deg god opplæring.
Arbeidsoppgåver
- Skape gode aktivitetar saman med tjenestemotakarar
- Yte hjelp til tjenestemotakar når det trengs.
- Dokumentasjon
- Skape gode og trygge relasjonar
- Legemiddelhandtering
- Samarbeide og skape eit postivt miljø
Kvalifikasjonar
- Du er ferdig utdannet eller er i et utdanningsløp, gjerne innen helserelaterte yrker
- Det kreves Politiattest
- Førerkort kl B
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, lojal og likar å jobbe med menneske
- Du evner å bygge gode relasjonar med andre mennesker
Vi tilbyr
- God opplæring, og eit godt arbeidsmiljø.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Medlemskap i KLP pensjonsordning
- Har godkjent Bedriftshelsetjeneste
- Ferdig utdanna sjukepleiarar/vernepleiar kan få en bonus på kr 12 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100% stilling i perioden veke 25 ? 34 i 2025. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar ? og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og Omsorg. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonus vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Kontaktinformasjon
ida Larsen, Avdelingsleiar, 948 78 673, [email protected]Maria Løseth, Avdelingsleiar, 469 38 329, [email protected]
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242, [email protected]
Arbeidsstad
Nedreskodjevegen 216260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4896966171
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 22.04.2025
Buteneste nordre, Ålesund kommune
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Distriktsselger, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 21.3.2025Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb for kodegjennomgang av AI
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb innen anvendt matematikk
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Montør, Lumon Norge AS
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 12.3.2025