Surnadal kommune Teknisk drift

Ferievikarar Teknisk drift 2025: Bygg, Veg og park, Reinhald

OmrådeSurnadal
Publisert17.1.2025
Søk senest30.3.2025

Om stillingen

Teknisk drift skal tilsette ferievikarar for 2025 og har ledige engasjement slik:

- Bygg, kontaktperson Ole Stavås tlf 91327374

- Veg og park, kontaktperson Gunnar Bøe tlf 48240738

- Reinhald, kontaktperson May Kristin Bye Halgunset tlf 90208310

 Aktuell ferievikarperiode er frå mai og ut august månad.

Skriv i søknaden din kor du kan tenkje deg å arbeide/kva stilling du søker på. Du kan sjølvsagt vere søkar på alle tre områda Teknisk drift skal tilsette ferievikar.

Krav/kvalifikasjonar:

  • Vere fylt 18 år ved oppstart i arbeid
  • Ved avdelinga for veg og park er det krav om førarkort kl.B

Vi ønskjer oss ferievikarar som:

  • kan arbeide sjølvstendig og som har pågangsmot, arbeidslyst og arbeidskapasitet
  • kommuniserer godt på norsk

Du får:

  • opplæring og veiledning
  • kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
  • godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

Det blir halde samtale med aktuelle søkarar.


Link til søknadsskjema: Søk her

Surnadal kommune Teknisk drift

BedriftSurnadal kommune Teknisk drift
Om bedriftenTeknisk drift har ansvar for dei kommunaltekniske tenestene innan veg, vatn, avløp, kommunal bygningsmasse, vaktmeister- og reinhaldstenester, brann- og redning, feiing, uteområde m.v Eininga har om lag 40 tilsette og eit årleg brutto driftsbudsjett på 40 millionar.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger