May Lisbeth Bosvik Fiskaaen

Ferievikarar i pleie og omsorg

OmrådeBokn
Publisert24.11.2025
Søk senest24.12.2025

Om stillingen

Ferievikarar i pleie- og omsorg sommaren 2026

Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar/assistent/helsefagelev/sjukepleiarstudent eller liknande og kan tenkje deg å jobbe på ei lita,koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer eller i Bu- og aktivitet? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg!

Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.

Me har behov for ferievikarar sommaren 2026 innanfor veke 26-33 og oppmodar deg som har interesse og engasjement for pleie og omsorg om å søkje!

Om arbeidsstaden

Pleie- og omsorg i Bokn Kommune består av heildøgnsomsorg i institusjon (Sjukestova), heimetenesta og Bu- og aktivitet. Det er 16 sengeplassar og 12 omsorgsbustadar som ligg i flukt med sjukestova og 3 leiligheitar som er tilknytta Bu- og aktivitet.

Avdelingane er lokalisert på Boknatun.

Arbeidsoppgåver i stillinga

Ordinære pleie- og omsorgsoppgåver

Tillitsskapande miljøarbeid

Kompetansekrav

Relevant fagbrev er ønskjeleg, men ikkje eit krav

Sertifikat klasse B er ein fordel

Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

Trivast med å arbeide med mennesker og yte omsorg

Evne til å motivere og engasjere

Handtere travle arbeidskvardagar

Personleg eignaheit vert sterkt vektlagd

Arbeidsgjevar tilbyr

Tilsetjing etter gjeldande lovar og tariffavtale

Dyktige, motiverte og inkluderande medarbeidarar

Søkjerar som kan arbeide minimum 4 veker vil bli prioritert ved tilsetjing

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.


Link til søknadsskjema: Søk her

May Lisbeth Bosvik Fiskaaen

BedriftMay Lisbeth Bosvik Fiskaaen

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Ledende miljøterapeut

Oslo kommune, Barne- og familieetaten

Oslo24.1. - 2.6.
Ny