Jobbsafari
Bokn kommune Pleie- og omsorg

Ferievikarar i pleie og omsorg

3 måneder siden
OmrådeBokn
Søk senest3.3.2024
JobbdetaljerFeriejobb

Om stillingen

Ferievikarar i pleie- og omsorg sommaren 2024

Er du helsefagarbeidar/assistent/helsefagelev/sjukepleiarstudent eller liknande og kan tenkje deg å jobbe på ei lita,koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.

Me har behov for ferievikarar sommaren 2024 innanforveke 26-33 og oppmodar deg som har interesse og engasjement for pleie og omsorg om å søkje!

Om arbeidsstaden

Pleie- og omsorg i Bokn Kommune består av heildøgnsomsorg i institusjon (Sjukestova), heimetenesta og Bu- og aktivitet. Det er14 sengeplassar og 13 omsorgsbustadar som ligg i flukt med sjukestova. Avdelingane er lokalisert på Boknatun.

Arbeidsoppgåver i stillinga

Ordinære pleie- og omsorgsoppgåver

Tillitsskapande miljøarbeid

Kompetansekrav

Relevant fagbrev er ønskjeleg, men ikkje eit krav

Sertifikat klasse B er ein fordel

Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

Trivast med å arbeide med mennesker og yte omsorg

Evne til å motivere og engasjere

Handtere travle arbeidskvardagar

Personleg eignaheit vert sterkt vektlagd

Arbeidsgjevar tilbyr

Tilsetjing etter gjeldande lovar og tariffavtale

Dyktige, motiverte og inkluderande medarbeidarar

Søkjerar som kan arbeide minimum 4 veker vil bli prioritert ved tilsetjing

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.


Link til søknadsskjema:

Søk her

Bokn kommune Pleie- og omsorg

BedriftBokn kommune Pleie- og omsorg
Om bedriften

Seksjonen helse og omsorg er inndelt i to ulike einingar og består av pleie- og omsorg og helse. Under pleie og omsorg har vi sjukestova, kommunal institusjonskjøkken, heimetenester og Bu- og aktivitet. Under avdeling helse har vi legekontor, ergo- og fysioterapiteneste og psykisk helse- og rusteneste.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger