Jobbsafari
 Time kommune

Ferievikar ved Psykisk helse og rusarbeid

2 måneder siden
OmrådeBryne
Søk senest1.4.2024
JobbdetaljerSesong

Om stillingen

Har du lyst på en fantastisk sommarjobb, der du kan hjelpa andre?

Me søker deg som ønsker å vera sommarvikar i verksemda Psykisk helse og rusarbeid. Me har fem avdelingar (sjå under), spesifiser kva for ei avdeling du vil arbeida i. Skriv også kva for nokre veker du kan arbeida.

Kolheia bufellesskap
Er for menneske med psykisk liding. I tillegg til dei som bur i bufellesskapet har me ambulerande tenester som er timebaserte tenester til heimebuande menneske med psykisk og fysisk funksjonssvikt. Me jobber turnus dag/kveld. Krav om førerkort klasse B, manuell gir.
Kontaktinfo: Avdelingsleiar Astri Rosland tlf. 959 15 934. e-post: [email protected]

Svertingstad bufellesskap
Døgnbemmanna bufellesskap for menneske med samtidig psykisk- og rusliding. 
Me jobbar turnus, merk om du ønsker dag/kveld og/eller natt.
Kontaktinfo: Avdelingsleiar Astri Rosland tlf. 959 15 934. e-post: [email protected]

Rørvika omsorgsbustadar
Heildøgns omsorgsbustadar med bemanning for menneske med fysisk, psykisk og/eller kognetiv svikt.
Me jobbar turnus, merk søknad om du ønsker å jobba dag/kveld og/eller natt.
Kontaktinfo: Avdelingsleiar Bjørg Bø Mc Dowell tlf. 958 18.646, e-post: [email protected]

Svendsenhuset
Er eit dag- og aktivitetssenter som har mål om å gje menneske ein innhaldsrik kvardag gjennom eit mangfald av aktivitetar. Tilbodet er for personar over 18 år.
Kontaktinfo: Avdelingsleiar Cathrine Kleppe tlf. 473 88 387. e-post: [email protected]

Meistringssenteret
Ved Meistringssenteret gjev me hjelp til menneske som har behov for oppfølging når det gjeld psykisk helse og/eller har utfordringar knytta til rus.
 Krav om førerkort klasse B, manuell gir.
Kontaktinfo: Avdelingsleiar Cathrine Kleppe tlf. 473 88 387. e-post: [email protected]



Arbeidsoppgåver

Som ferievikar skal du vera med å gje nødvendig helsehjelp og stell etter dei rettningslinjene som ligg føre i kvar avdeling.

Kvalifikasjonar

Me treng fleire gode vikarar med ulik bakgrunn for eksempel: 
- offentlig godkjendt vernepleiar/sjukepleiar
- helsefagarbeidar og hjelpepleiar
- sjukepleie- og vernepleiestudentar
- elevar med helsefagleg bakgrunn
- assistentar

Erfaring fra arbeid innan helse og omsorg er ein fordel, men opplæring vert gjeve.
- det er ønskeleg at du har førerkort klasse B, manuell gir
- dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentra at du har tilsvarende B2 nivå

- krav om politiattest

- du forpliktar deg til arbeida i heile perioden du oppgjev.

Personlege eigenskapar

- du må kunna arbeida sjølvstendig, har gode relasjonelle ferdigheiter og er ansvarsbevisst.
- det er ein fordel at du har erfaring med utfordrande åtferd
- du er fleksibel, då arbeidet stadig er i endring og du har evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap.
- du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Me tilbyr

Me tilbyr stilling etter avtale.
Studentavlønning for studentar innan sjuke-/og vernepleie, barnevernspedagog, sosionom, fysioterapi og ergoterapi. 
Kanidatar vert vurderte fortløpande.

Kontaktinformasjon

Bjørg Bø McDowell, Avdelingsleiar, +47 95818646


Arbeidsstad

Røyrvika 3a


4340 Bryne


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune



Referansenr.: 4754468928


Stillingsprosent: 100%


Sommarjobb


Søknadsfrist: 01.04.2024



 Time kommune

Bedrift Time kommune
Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger