Jobbsafari
Haugesund sjukehus

Ferievikar sjukepleiar Haugesund sjukehus

OmrådeHaugesund
Publisert12.12.2024
Søk senest29.4.2025
Søk på jobb

Om stillingen

Vi har ledige sommervikariat i desse klinikkane i perioden fra uke 26-33:

  • Medisinsk klinikk
  • Kirurgisk klinikk
  • Klinikk for psykisk helsevern

Skriv i søknaden kva avdeling du ønskjer å jobbe ved (i prioritert rekkefølge). Dette vil bli tatt omsyn til så langt det er mogleg.

Kandidatar som kan jobbe store deler av sommaren vil bli prioritert.

Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.


Arbeidsoppgåver

  • Observasjon, behandling, stell og pleie til pasientar
  • Medikamenthåndtering og andre sjukepleieprosedyrar 
  • Håndtere medisinsk teknisk utstyr
  • Samhandling med primærhelsetjenesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • kan arbeide sjølvstendig
  • er god på å prioritere i stressande situasjonar
  • har gode samarbeidsevner og er fleksibel
  • trivst med å jobbe i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Vi tilbyr

  • Moglegheit for opplæringsvakter i forkant
  • Stillingsstorleik etter avtale
  • Gode støttefunksjoner
  • Varierte oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer

Kontaktinformasjon

Toril Førland, Funksjonsleiar, 99009179

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4895357923
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.04.2025

Haugesund sjukehus

BedriftHaugesund sjukehus
Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Søk etter flere lignende stillinger