Jobbsafari

Ferievikar - sjukeheimstenesta

2 måneder siden
OmrådeIsdalstø
Søk senest6.3.2024
JobbdetaljerSesong

Om stillingen

Kort om stillinga som ferievikar

Alver kommune søkjer etter ferievikarar til sjukeheimstenesta. Det vil vere størst behov i perioden veke 25-33. Vi ser etter søkjarar som har erfaring frå tilsvarande arbeid eller som er i utdanning innan helsefag. Søkjarar med anna bakgrunn er òg aktuelle.

Løn:
Som assistent mellom 16 og 18 år vil du minimum får ei timelønn på 171,-.
Som assistent over 18 år vil du få minimum ei timeløn på 190,-.
Som sjukepleiar-/vernepleiarstudent vil du minimum få ei timeløn på kr 201,-.  
Som helsefagarbeidar vil du minimum få ei timeløn på kr 224,-. 
Du som har 3-årig helse- og/eller sosialfagleg utdanning vil få ei timeløn på minimum kr 262,-.

I tillegg får du for arbeid i turnus eit kveldstillegg på minimum kr 56,- per arbeidet time frå kl. 17 - 21, og minimum kr 70,- per arbeidet time frå kl. 21 - 06. Du får óg anna godtgjering for særskilt arbeidstid på helg.


Aktuelle avdelingar

  • Velferdssenteret - avdelingsleiar Sylwia Sienkiewicz
  • Solkroken - avdelingsleiar Linda Beate Herfindal-Hjelmås
  • Nordgardstunet og Lerketunet - avdelingsleiar Linda Abrahamsen
  • Lindås bu- og servicesenter - avdelingsleiar Ingrid L. Haugland
  • Knarvik avdeling 1 - avdelingsleiar Oddvar Holsen
  • Knarvik avdeling 2 - avdelingsleiar Solrun Tobiassen Albrechtsen
  • Knarvik avdeling 3 - avdelingsleiar Hildegunn H. Hansen
  • Kjøkken avdeling Knarvik, Frekhaug og Manger - Hans Stapnes Johnsen

Arbeidsoppgåver

Som ferievikar ved sjukeheimstenesta skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til bebuarar med
plass på sjukeheim. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.


Kompetansekrav

Autorisasjon som helsefagarbeidar
Autorisasjon som sjukepleiar
Sjukepleiarstudentar
Andre med erfaring eller ønskje om erfaring kan og søkje.


Du har gjerne relevant erfaring, studier eller skulegang.
Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre vert tillagt vekt.


Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande avtale
  • Som assistent mellom 16 og 18 år vil du minimum får ei timelønn på 171,-.
    Som assistent over 18 år vil du få minimum ei timeløn på 190,-.
  • Som sjukepleiar-/vernepleiarstudent vil du minimum få ei timeløn på kr 201,-
  • Som helsefagarbeidar vil du minimum få ei timeløn på kr 224,-
  • Du som har 3-årig helse- og/eller sosialfagleg utdanning vil få ei timeløn på minimum kr 262,-
  • I tillegg får du for arbeid i turnus eit kveldstillegg på minimum kr 56,- per arbeidet time frå kl. 17 - 21, og minimum kr 70,- per arbeidet time frå kl. 21 - 06 
  • Anna godtgjering for særskilt arbeidstid på helg
  • God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune


Alver Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger