Ferievikar Sentralkjøkken
Om stillingen
I tidsromet juni til medio august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar.Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ferievikarar retta mot arbeid som assistent/kokk ved sentralkjøkkenet ved Volda omsorgssenter.
Det vert gjort fortløpande tilsetting.
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om politiattest for alle som jobbar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.Du må ha førarkort klasse B.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Personlege eigenskapar
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad. Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.Vi tilbyr
Som ferievikar i sektor helse- og omsorg får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Kontaktinformasjon
Hege Daugstad, Seksjonsleiar kjøkkendrift, 47716883, [email protected]Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon , 91144863, [email protected]
Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4895784392
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.03.2025
Volda kommune, Helse og omsorg
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Distriktsselger, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 21.3.2025Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb for kodegjennomgang av AI
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb innen anvendt matematikk
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Montør, Lumon Norge AS
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 12.3.2025