Ferievikar i sjukeheim og heimeteneste

OmrådeHareid
Publisert3.2.2025
Søk senest9.3.2025

Om stillingen

Vi ser etter deg som har fylt 18 år og vil vere ferievikar i perioden 23. juni ? 17. august.
Har du fagkompetanse eller erfaring frå arbeid innan helse og omsorg? Eller kanskje ønsker du å prøve ut om dette arbeidet kan passe deg?
Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar, miljøterapeut, student eller vil arbeide som pleiemedarbeidar/assistent? Då er du velkomen som søkar!

Arbeidsoppgåver

Du kan få helse- og omsorgsoppgåver etter kva du har kompetanse til og er kvalifisert for i sjukeheim, omsorgsbustader og private heimar (heimetenesta).

Vi ber om at du skriv i søknaden kva stillingsstørrelse og i kva eining du ønskjer å arbeide i, og i kva tidsrom du kan jobbe. Vi vil prioritere deg som kan arbeide i juli og august månad.

Kvalifikasjonar

  • sjukepleiar/vernepleiar
  • helsefagarbeidar
  • miljøterapeut, barnevernspedagog/sosionom 
  • pleiemedarbeidar med erfaring innan pleie/omsorg
  • personleg assistent
  • student i relevante helsefag

Godkjend politiattest av ny dato må leverast før du kan starte i arbeid. Det er krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta. 

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du er positiv, arbeidsglad, sjølvstendig og ansvarsbevisst. Du samarbeider godt, og skaper gode relasjonar til menneska kring deg. Du må kunne arbeide sjølvstendig med fokus på gode tenester til pasientane, og samarbeide godt med kollegaer og med andre einingar.

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit godt fagmiljø, pasientkontakt og gode kollegaer. Arbeid i turnus, dag/kveld og/eller natt.

Vi ønsker god kontinuitet både for pasientar og tilsette i ferieavviklinga, håpar derfor at du kan arbeide store delar av perioden. Dersom du er kjend vikar hos oss, og jobbar 80% og annakvar helg i meir enn fire veker i ferieperioden, vil du få moglegheit til å inngå avtale om bonus på kr 3000 per ekstra veke utover fire veker. Studentar i relevant studieløp får løn etter kommunens eiga lønsplassering. 

Tilsetting skjer på vanleg kommunale villkår.

Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. 

Kontaktinformasjon

Sutharsini Satheeskumar, Einingsleiar, 47682834, [email protected]
Perdis Holstad, Einingsleiar, 95891281, [email protected]
Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar, 41406663, [email protected]
Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 4912644261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2025

Hareid Kommune

Søk etter flere lignende stillinger