Ferievikar i helse- og omsorgsetaten
Om stillingen
Om stillingaVi byr på spennande og meiningsfulle sommarjobbar i helse- og omsorgsetaten i Ulstein!
Er du i eit relevant utdanningsløp, har du fagkompetanse eller erfaring frå helse og omsorg? Kanskje du ønskjer å finne ut om arbeid i omsorg er noko for deg?
Vi kan tilby deg inntil 100% stilling i perioden 15.06. - 16.08.26.
Tilsetting vert gjort fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ferievikarar til dei ulike avdelingane ved
- Alvehaugen (sjukeheim, omsorgsbustader, kjøkken, ambulerande vaktmeister (sjåfør), dagsenter for eldre)
- Heimetenestene (omsorgsbustader ved Ulshaugen, Holsekerdalen, Petterbakken, Hovstøylvegen, teneste til menneske med utviklingshemming, personleg assistanse, heimehjelp og heimesjukepleie)
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med søkjarar som har fagkompetanse, er i relevant utdanningsløp, eller har erfaring innan helse og omsorg
- Alle som er interessert i å jobbe med menneske er velkommen til å søkje
- Godkjent politiattest av ny dato må framvisast før oppstart
- Førarkort for personbil er eit krav ved nokre avdelingar. Det er fordel om du også disponerer bil. Oppgi i søknad om du har dette.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter personar som er:
- interessert i å bidra til gode dagar for våre tenestemottakarar
- interessert i å lære
- arbeidsvillig
Du må oppgi i kva for periode du kan arbeide i søknaden. Fortel litt om deg sjølv og om du har spesielle ønskje om arbeidsstad og arbeidsoppgåver. Vi søkjer primært etter personar over 18 år og treng søkjarar som kan arbeide i perioden frå veke 25-33.
Legg ved vitnemål og attestar då desse dannar grunnlag for fastsetting av ansiennitet og lønn.
Vi tilbyr
- eit variert arbeid saman med kjekke kollegaer
- ei god arbeidserfaring for karrierevegen vidare
- god opplæring
- tilgang til digitalt opplæringsprogram med kursbevis for fullførte kurs
- mange ulike arbeidsområder
- lønn etter gjeldande tariffavtale
Vi ønskjer kontinuitet i arbeidet, og prioriterer difor dei som kan jobbe meir enn 5 veker i ferieperioden.
Ulstein Kommune
BedriftUlstein Kommune
Vis flere jobber for denne bedriften