Solveig Nilsen
Ferievikar i Heimehjelpa sommaren 2026
Om stillingen
Våre 2 dyktige heimehjelparar treng snart sommarferie. Difor treng me DEG med på laget frå 06.07-16.08.2026.
Vi tilbyr god bonus på 17.000,- dersom du jobbar i heile perioden. Heimehjelp er arbeid på dagtid måndag til fredag frå kl-07-45 - 15.00
Vi søkjer deg som har godt humør, likar å jobbe med menneske og ikkje redd for å ta i eit tak.
Som vikar i heimehjelpa vil du utføre reinhald i private heimar. Du vil møte mange nye menneske og få verdifulle erfaringar Om du ikkje bur i Nissedal, vil du også få oppleve ei bygd med eit mangfald av flotte turmål og fjelltoppar.
Arbeidsoppgåver
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Reinhaldsoppgåver i private heimar som: praktisk bistand som å støvsuge, reingjere golv og bad, skifte på seng, vask av klede mm
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Assisentar
- Sertifikat klasse B. Du må stille med eigen bil.
- Beherske norsk munnleg og skriftleg (ønskeleg med bestått norsktest B1-nivå)
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.
.
Personlege eigenskapar
- Du ynskjer å bida til å gi eit godt tilbod til brukarane våre
- Eit ønske om å jobbe med menneske
- Du er plikjtoppfyllande og punktleg
- Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag og vera fleksibel
- Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst
- Det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande arbeid, men dette er ikkje ei føresetnad
Vi tilbyr
- Meiningsfull sommarjobb som vil gje deg nyttig og verdifull arbeidserfaring med rom for faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Bonusordningar. Om du bind deg for heile perioden vil du få 17.000,- i bonus.
- Varierte arbeidsoppgaver
Anna
Naudsynt opplæring vil bli gitt.
Kontaktinformasjon
Solveig Nilsen, Avdelingsleiar for heimetenestaArbeidsstad
Sollivegen 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5085720126
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 06.07.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 15.03.2026
Solveig Nilsen
BedriftSolveig Nilsen