Ferievikar i Florø, Helse og velferd

OmrådeKinn
Publisert12.3.2025
Søk senest30.3.2025

Om stillingen

Arbeidsoppgåver

Fast tilsette i Helse og velferd avviklar hovudferie i perioden 23.06.2025 - 24.08.2025, og då ynskjer vi deg som ferievikarar i tenesta vår. Viktig å merke seg at dei som kan arbeide heile eller størsteparten av perioden vil bli prioritert. Du må oppgje kva tidsrom du kan jobbe frå dato ? til dato. Fint om du vil prioritere kva teneste du ynskjer å jobbe i (t.d. 1 Heimeteneste krokane, 2 Furuhaugane omsorgssenter osb.). Dersom du søkjer fleire stadar og/eller har høve til å arbeide før eller etter den fastsette perioden må du opplyse om dette i søknaden. Er det periodar i ferien du ikkje kan arbeide i, må du opplyse om dette i søknaden. Dersom du ynskjer å fortsette som vikar etter sommaren er det mulighet for det.

Kvalifikasjonar

-       autoriserte sjukepleiarar/studentar
-       autoriserte vernepleiarar/studentar
-       autoriserte hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar/elevar
-       kokkar/elevar
-       andre med interesse for arbeidsfelta

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er strukturert, likar å ha ansvar og tek ansvar. Du likar å jobbe i team, er fleksibel, kreativ og løysingsorientert. Du bør vere fylt 18 år og beherske norsk skriftleg og muntleg. Det er ein fordel om søkjarar til heimetenesta har førarkort, men ikkje naudsynt for jobb i alle soner. Ved tilsetting blir det kravd politiattest

Vi tilbyr

-Muligheit til å bli kjent med spennande framtidige yrker
-God opplæring med fagdag for nytilsette og opplæring i avdeling samt relevant fagmateriell
-Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
-Tariffløn og særskild avløning dersom du er under utdanning til relevant høgskule/ universitetsutdanning.

Kontaktinformasjon

Erik Onstad, Tenesteleiar Rus og Psykiatri, 41534967, [email protected]
Susanne Herstad, Tenesteleiar, 94282699, [email protected]
Evy Renate Bjørnset, Tenesteleiar Krokane heimeteneste, 41534918, [email protected]
Anne-Grete Sagen, Tenesteleiar Havreneset heimeteneste, 97637750, [email protected]
Marte Osland Aarberg, Tenesteleiar bu og miljø-Kinnvegen/Kirkeparken/Docen/BPA, 45631570, [email protected]
Even Hallingstad, Tenesteleiar Eikefjord heimeteneste, 98088975, [email protected]
Elisabeth Leversund, Tenesteleiar Flora omsorgssenter, 41534922, [email protected]
Anette Færestrand, Tenetseleiar Heimeteneste Senrum, 48252639, [email protected]
Linn Einebærholm, Tenesteleiar bu og miljø- Skridsholsgate 7/9 og 13, 90208933, [email protected]
Linda Lundebrekke, Tenesteleiar bu og miljø - miljøhuset/avlastning/støttekontakt, 45970806, [email protected]

Arbeidsstad

Magnus Thingnesgate
Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4936949858
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 24.08.2025
Søknadsfrist: 31.03.2025

Kinn Kommune

Søk etter flere lignende stillinger