Om stillingen
Kort om stilling som ferievikar
Alver kommune søkjer etter deg som ønskjer å vere ferievikar i heimetenesta. Det vil vere størst behov i perioden veke 25- 33. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.
Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i helsefagleg utdanning. Dersom du har anna bakgrunn, kan du ōg vere aktuell.
Løn:
Som assistent vil du minimum få ei timeløn på kr 207,-.
Som sjukepleiar-/vernepleiar -student vil du kunne få høgare lønn, avhengig av kor mange studiepoeng du har bestått.
I tillegg får du for arbeid i turnus eit kveldstillegg på minimum kr 56,- per arbeidet time frå kl. 17 - 21, og minimum kr 70,- per arbeidet time frå kl. 21 - 06. Du får ķg anna godtgjering for særskilt arbeidstid på helg.
For arbeid innan heimetenesta må du ha førarkort klasse B, og beherske norsk.
Aktuelle avdelingar
Manger - konstituert avdelingsleiar Tanita Marøy
Frekhaug - avdelingsleiar Roy Sørensen
Knarvik Sør/Vest - avdelingsleiar Sølvi Ulvund
Knarvik Nord/Aust - avdelingsleiar Vanja Køhne
Alversund/Seim - avdelingsleiar Vibeke Løtvedt
Lindås - konstituert avdelingsleiar Aina Sætre George
Ostereidet - avdelingsleiar Katrine Kleppe
Dagsenter - tenesteleiar Benthe Helland + fagansvarleg Ida Helene Seljelid
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustad. Kvardagen hos oss er variert, der du vil oppleve stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Dei siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Kompetanse
Når du skal jobbe hos oss kan dette være aktuell kompetanse.
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Sjukepleiarstudentar
- Pleiemedhjelpar/assistent med interesse for fagfeltet
- Andre med erfaring eller ønskje om erfaring kan og søkje
Du har gjerne relevant erfaring, studier eller skulegang.
Evne til sjølvstendig arbeid og samarbeid, og gode personlege eigenskapar vert tillagt vekt.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtale
- Som assistent vil du minimum få ei timeløn på kr 207,-
- Som sjukepleiar/ vernepleiar/medisinstudent har vi eigen studentløn
- I tillegg får du for arbeid i turnus eit kveldstillegg på minimum kr 56,- per arbeidet time frå kl. 17 - 21, og minimum kr 70,- per arbeidet time frå kl. 21 - 06
- Anna godtgjering for særskilt arbeidstid på helg
Politiattest
I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.