Ferievikar 2025 - Vikar for Lege i spesialisering
Om stillingen
Vil du bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane og deira pårørande. Vi ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Kirurgisk seksjon har behov for vikarar for LIS2 i perioden veke 25 - 35
Informasjon til søkjaren:
Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Du må pårekne arbeid annankvar helg, og du kan rekne med ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV-en.
Arbeidsoppgåver
- Pasientbehandling og vanleg vaktteneste på sengepost, intensiv og poliklinikk
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som lege
- Fullført LIS1 ved tiltredelse
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement og arbeidsglede
- Du medverkar til å gi eit godt tilbod til pasientane du møter
- God kompetanse, samarbeidsevner og poitive haldningar vert lagt vekt på
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
For meir informasjon om vår region, sjå her og her .
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er god infrastruktur og korte avstandar på Søre Sunnmøre og til delar av Nordfjord. Bu- og arbeidsmarknadsregionen utgjer omlag 65 000 innbyggjarar. Ørsta/Volda lufthamn har fleire daglege samband til Bergen og Oslo. Sjå meir om Volda her .
Kontaktinformasjon
Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar, +47 93066118, [email protected]Arbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4903394187
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025Maintenance Engineer
Oslo - Barona Norway - Publisert 6.2.2025Jack & Jones åpner ny butikk i Markens gate, Kristiansand!
Kristiansand - Bestseller - Publisert 6.2.2025Test Engineer
Kongsberg - Barona Norway - Publisert 6.2.2025