Ferie-/sommarvikarar helse og omsorg 2024
Om stillingen
Bygland kommune har behov for ferievikarar til eining for helse og omsorg sommaren 2024. Kjerneperioden er 1.6.24 - 11.8.24, men det vil vere mogleg å starte tidlegare for nokon, samt arbeide lenger for andre. Stillingsstorleiken vil vere varierande ut frå våre behov, men for dei aller fleste vil den ligge mellom 60-100 %.
Vi søkjer flinke og pliktoppfyllande sommarvikarar til Byglandsheimen (sjukeheim), open omsorg (heimebaserte tenestar), psykiatri og habilitering, samt innan kjøkken og heimehjelp (praktisk bistand).
- Alle over 17 år med interesse for fagfeltet kan søkje.
- Søkjarar til open omsorg (heimebaserte tenester) må ha førarkort klasse B.
- Søkjarar til heimehjelp må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Det er viktig at du i søknaden oppgjev kva for periode du kan arbeide. Dei som kan jobbe heile sommarperioden vil bli prioritert.
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med:
- Psykiatri / habilitering/ heimehjelp: Avdelingsleiar Silje Christine Stangvik, tlf. 97 75 00 26. E-post: [email protected]
- Byglandsheimen / open omsorg: Avdelingsleiar Sofie Oliegreen, tlf. 94 18 90 36. E-post: [email protected]
Sjuke-/vernepleiar-/legestudentar som er ferdige med studiane tidlegare enn kjerneperioden bes om å ta direkte kontakt med oss.
Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgåver
- Turnusarbeid for stillinger i pleien.
- Vanleg arbeidstid for stillinger innan heimehjelp, kjøkken, reinhald, m.a.
Kvalifikasjonar
- Fagutdanna, eller søkjarar under helsefagutdanning blir prioritert
- Det vert kravd gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg
- Det er ønskjeleg med grunnleggande IKT-kunnskap
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Tilsetting jamfør kommunalt avtaleverk.
- Løn i tråd med sentral tariffavtale.
- Kommunen har eigen særavtale på løn for sjukepleiar-, vernepleiar og legestudentar.
Kontaktinformasjon
Leif Sigurd Helle, Tenesteleiar helse-og omsorg, +4795052813, [email protected]Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4743469322
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 17.06.2024
Sluttdato: 11.08.2024
Bygland Kommune, helse - og omsorg
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Resepsjonist, ekstrahjelp april og mai
Luster - Turtagrø Hotel AS - Publisert 15.1.2025Resepsjonist Artesia Spa avd. Holmenkollen
Oslo - Artesia AS - Publisert 15.1.2025Vil du bli med i en av Norges hurtigst voksende retailkjeder? - Stord
Stord - Thansen As Avd Stord - Publisert 15.1.2025Vil du bli med i en av Norges hurtigst voksende retailkjeder? - Voss
Voss - Thansen As Avd Voss - Publisert 15.1.2025