Om stillingen
Om stillinga
Austrheim kommune søkjer etter ein erfaren lege med interesse innan samfunns- og allmennmedisin. Dette er for tida ei kombinasjonsstilling der inntil 50% er knytt til oppgåver som kommuneoverlege og resterande som fastlege. Listelengda er per i dag 500.
Austrheim legekontor har i dag 4 fastlegar i ulik stillingsstørrelse og 3 hjelpepersonell i 100% stilling (sjukepleiar og helsesekretær). I tillegg tar kontoret i mot LIS1 legar og legestudent. Ein av våre fastlegar er spesialist i allmennmedisin og to er i eit spesialiseringsløp (ALIS). Austrheim kommune er godkjend utdanningsverksemd i allmennmedisin. Me nyttar Infodoc som journalsystem. Fagleg utvikling og tett samarbeid mellom alle på kontoret er prioritert, mellom anna gjennom faste fagmøte. Austrheim legekontor er eit kommunalt drevet legekontor med ansvar for heile legetenesta i kommunen, helsestasjon, sjukeheim og legevakt på dagtid.
Me søkjer kommuneoverlege til samfunnsmedisinsk og allmennmedisinsk arbeid i vår kommune. Her vil du jobbe som kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar og ivareta samfunnsmedisinske oppgåver som helseberedskap og totalberedskap, smittevern, folkehelse, miljøretta helsevern. I stilling som kommuneoverlege og fastlege har du kontor på Austrheim legekontor som er lokalisert i kommunehuset i Austrheim.
Som kommuneoverlege er nærmaste leiar kommunalsjef for helse og velferd.
I stillinga som fastlege vil du arbeide sammen med dei andre fastlegane, der du ivaretar oppfølging av pasienter og inngår i daglegevakt.
Dersom det er ynskje om å etablera privat næringsdrift i stillinga vil det vera ein del av avklaringar under tilsetting.
Ved intern søknad og tilsetting kan anna fastlegestilling bli ledig. Ein ynskjer då å kunna tilby søkjarar alternativ stilling.
Stillinga er ledig frå 01.02.2025
Arbeidsoppgåver
Som kommuneoverlege:
- Drift av legetenesta
- Tverrsektorielt, helsefagleg rådgjevar for kommunedirektør og kommunalsjefer i alle sektorer
- Fagleg ansvar for miljøretta helsevern, smittevern og helseberedskap
- Ansvarleg for vedtak om tvungen legeundersøking jmf. Lov om psykisk helsevern
- Inngå i kommunen si kriseleiing og beredskapsarbeid
- Folkehelseoversikt
- Kommunalt planarbeid (bidrag og ansvar)
- Bidra og gje innspel i høyringar som gjeld helsetenester og samfunnsmedisinske tema
- Andre legeoppgåver kan bli aktuelle
- Oppgåver i tråd med ny rettleiar for kommunelegefunksjonen (koble til veilederen)
Som fastlege:
- Ordinære fastlegeoppgåver som også inneber:
- kommunal daglegevakt
- inngå i interkommunalt legevaktsamarbeid
- eventuelt veiledningsansvar for LIS1, ALIS og legestudent
- andre kommunale legeoppgåver
- for tida ei listelengde på 500
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
- Er sjølvstendig og løysingsorientert
- Har gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Er analytisk med evne til å tenke heilskapleg
- Er systematisk, fleksibel og har evne til å takle høgt arbeidstempo
- Har vilje og engasjement for å jobbe tverrfagleg og har evne til å rettleie andre
- Er oppteken av utvikling i legetenesta og samhandling med andre tenester
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedisin eller under spesialisering , inkludert oppfylle kompetansekrav legevakt
- Ønskjeleg med spesialistutdanning i samfunnsmedisin eller under spesialistutdanning i samfunnsmedisin
- Beherske skandinavisk skriftlig og muntlig
Me tilbyr
- Løn etter avtale
- Fastløn eller næringsdrivande
- Ved intern søkjar kan anna fastlegestilling bli ledig
- Austrheimmodellen
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
Austrheim Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Er du vår nye servicemedarbeider på renhold?
Voss - Toma Facility Norge As Avd Ålvik - Publisert 13.12.2024Er du vår nye landbruksvikar i Hustadvika kommune?
Hustadvika - Landbruk Nordvest Sa Avd Molde - Publisert 13.12.2024Avdelingssykepleier
Stavanger - Tasta Sykehjem - Publisert 13.12.2024Trafikkassistent
Harstad - Connect Bus Norge As Avd Harstad - Publisert 13.12.2024Pedagogisk leder/barnehagelærer søkes; la oss nyte godt av dine pedagogiske ferdigheter!
Stavanger - Geitastova Barnehage Sa - Publisert 13.12.2024