Jobbsafari

Fastlege

2 måneder siden
OmrådeHosteland
Søk senest25.2.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Om stillinga

Masfjorden kommune har ledig stilling som fastlege med fastløn frå 01.01.2024. Me søkjer primært etter spesialist i allmennmedisin, men lege i spesialisering er også velkommen til å søkje.

Stillinga er knytt til Masfjorden legekontor. Kontoret har 3 fastlegeheimlar og ein LIS1-stilling.
Alle fastlegane er fastløna. Legekontoret ligg i nye Fensfjordbygg på Hosteland, og er bemanna med helsesekretær,bioingeniør og sjukepleiarar. Me nyttar for tida journalsystemet Infodoc.


Arbeidsoppgåver fastlege

  • Fastlegeliste ca. 500 pasientar
  • Det er knytt helsestasjonsoppgåver til stillinga
  • Fastlege deltek i Nordhordland legevakt (NLV) med 2-3 vakter i månaden. NLV er interkommunal legevakt for 6 kommunar i Nordhordland, stasjonert i Helsehuset i Knarvik. 

Me tilbyr 

  • Fastløn etter avtale 
  • Arbeidstid etter avtale 
  • Høgt fagleg nivå i våre tenester og eit kreativt og utviklande fagmiljø 
  • Eit arbeidsfelleskap med ein lett og god tone 
  • Samlokalisering i nytt kontorfellesskap, og tett samarbeid med andre kommunale helsetenester 
  • Pensjonsordning i KLP 
  • Hjelp til å skaffe bustad 
  • Barnehageplass 

Kvalifikasjonskrav 

  • Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon 
  • Ynskjeleg med spesialitet i almennmedisin og/eller samfunnsmedisin
  • Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt (Nordhordland legevakt gjennomfører kurs) 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Har du anna morsmål enn norsk er kravet B2 
  • Førarkort klasse B, og disponere eigen bil 
  • Godkjend politiattest, jfr helsepersonellova, før tiltreding i stillinga 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt 

Personlege eigenskapar 

  • Evne til å arbeide sjølvstendig 
  • Gode evner til samarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande 
  • Gode evner til kommunikasjon 
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • Kunne bidra til eit godt miljø - både fagleg og sosialt 

Masfjorden kommune

Kommunen ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.

Masfjorden kommune er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar. 


Masfjorden Kommune Sentraladministrasjon

BedriftMasfjorden Kommune Sentraladministrasjon
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger