Pål Audun Hegland

Faste helgestillingar ved PAM

OmrådeBergen
Publisert11.2.2026
Søk senest8.3.2026

Om stillingen

Psykiatrisk klinikk, Psykiatrisk akuttmottak, seksjon PAM har no ledig faste helgestillingar på dag/aften.

Psykiatrisk klinikk består av fire avdelingar: psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling for psykose, avdeling for tidleg psykose (ATP) og avdeling for stemningslidingar. Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gjev akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.

Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.

På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi som oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 1 og 2 er ukka poster  med 9 sengeplassar hver. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, spesialvernepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidere, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Bli med inn i nye PAM

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre sjukepleietiltak
  • Pasientoppfølging i post
  • Mottak av nye pasientar som blir lagd inn i psykiatrisk akuttmottak

Kvalifikasjonar

  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Ønskeleg med erfaring frå psykiatri generelt og akuttpsykiatri
  • Ønskeleg med erfaring frå miljøarbeid/institusjonsarbeid
  • Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon 

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Samarbeidsvillig

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gunn Andersen, Seksjonsleiar, 55956412
Anja Engh, Seksjonsleiar , 55956412
Pål Audun Hegland, Assisterande seksjonsleiar, 55956460

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5078890142
Stillingsprosent: 14,5%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026

Pål Audun Hegland

BedriftPål Audun Hegland

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Overingeniør / senioringeniør

Sjøfartsdirektoratet

Haugesund14.4. - 4.5.