Maud Fosse Nummedal

Fast stilling som sjukepleiar i heimebaserte tenester 1

OmrådeVik
Publisert9.1.2026
Søk senest26.1.2026

Om stillingen

Heimebaserte tenester skal etablera drift av fleire nye omsorgstenester og treng fleire sjukepleiarar med på laget. Frå tiltreding og fram til 31.12.27 vil stillinga innebera 40 % administrative oppgåver og 60 % i brukarretta arbeid.

Stillinga er ei dagtidsstilling dei to første åra, måndag til fredag med 37,5 timars veke. Stillinga er todelt med om lag to dagar per veke med administrativt arbeid, og om lag tre dagar i avdeling. Frå 01.01.2028 vil stillinga vera som sjukepleiar i ordinær turnus med arbeid kvar 3. helg, og 35,5 timars veke.

Om arbeidsstaden

Kommunen er liten, men tenkjer stort. Det vert bygd nye og moderne lokale med sjukeheim, lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på ein spanande og framtidsretta utvikling i kommunen!

Heimebaserte tenester yter tenester til alle typar pasientgrupper. Me jobbar med alle typar sjukepleiefaglegeprosedyrar, og gir både avansert lindrande behandling, sårbehandlingar og mykje meir. Det er tett samarbeid mellom heimebaserte tenester, Vik helse- og omsorgssenter, psykiatri/rus og rehabiliteringsavdeling.

Tenesta består av

  • Heimesjukepleie
  • Heimehjelp
  • Spesielt tilrettelagt dagtilbod for eldre

Arbeidsoppgåver

  • Aktiv rolle i organisering og etablering av nye omsorgsbustader med ulike omsorgsnivå
  • Dagleg oppfylging av vaktbok med vikarinnleige, sjukefråvær, bemanning
  • Ansvar for digitale arbeidsprogram
  • Arbeid med kvalitetssystem, prosedyrar og avvik, saman med tenesteleiar
  • Fagansvar
  • Delta i tverrfaglege samarbeid
  • Oppfølging av vedtak
  • Samarbeide med brukarar og pårørande med mål om at brukaren skal bu heime lengst mogleg
  • Vera ein sentral del i arbeidet med å vidareutvikla organisasjonen
  • Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga

Me tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Avskriving av studielånet jf. vedtak i Stortinget

Krav til kompetanse

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
  • Fordel med leiarerfaring
  • God digital ferdighet
  • Vera god påplanlegging og ha god gjennomføringsevne
  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
  • Krav om førarkort

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strukturert 
  • Vera fleksibel og løysingsorientert
  • Gode haldningar og evne til etisk refleksjon
  • God til å planlegge og tydeleg i din kommunikasjon med andre
  • God til å motivere, rettleie og skape engasjement
  • Gode samarbeidsevne og er oppteken av å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du har godt humør, gode samarbeidsevner, og er ein rollemodell for dine kollegaer

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • I samsvar med gjeldande avtaleverk
  • Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Avskriving av studielån jf. vedtak i Stortinget

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.


Link til søknadsskjema: Søk her

Maud Fosse Nummedal

BedriftMaud Fosse Nummedal

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.1. - 28.2.
Anbefalt

MC/Field engineer (MECH)

Ikm Gruppen AS

Bergen7.2. - 26.2.
Ny