Jobbsafari
Heimetenesta, Stad kommune

Fast stilling som sakshandsamar i helse og omsorg 

OmrådeNordfjordeid
Publisert18.6.2024
Søk senest3.7.2024

Om stillingen

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som sakshandsamar innan helse og omsorg. Stillinga er ledig frå 16.09.24. 

Vi søkjer deg som er drivande engasjert med sterk fagleg kompetanse til å utvikle framtidas tenestilbod. 

Du skal sjølvsagt ikkje gjere dette åleine. I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg sterkt og hyggjeleg arbeidsmiljø som jobbar for å finne dei beste løysningane saman. Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Stillinga er ein del av kommunen sitt sakshandsamarteam, som er organisert i heimetenesta. 
Teamet skal svare på spørsmål, gje rettleiing og handsame søknader om helse- og omsorgstenester på tvers i kommunen. Teamet har også ansvar for oppfølging av fritidskontakter, koordinatorar og tilrettelegging av kommunen si koordinerande eining. Det ligg også til teamet sitt ansvarsområde å handsame all klagebehandling i samsvar med kommunen sine tildelingstenester. Vi arbeidar strukturert etter gode planer, og vi likar å jobbe smart ved å utnytte digitale hjelpemidlar og system.
Som sakshandsamar i Stad kommune vil du få kollegaer som bryr seg om kvarandre. Ein av våre styrker er at vi er ein trygg og helsefremjande arbeidsplass, og du vil ha høve til fagleg og personleg utvikling. Vi deler kompetansen vår med kvarandre og formidlar både idear, fag og erfaring. Viss du deler ambisjonane våre vil vi gjerne ha deg med på laget vårt. 


Arbeidsoppgåver

Sakshandsamarteamet har ansvar for: 

  • Mottak og rettleiing av nye henvendingar
  • Kartlegge, sakshandsame og evaluere vedtak
  • Legge fram saker i tildelingsmøte
  • Koordinering av utskrivingsklare pasientar
  • Gode overgangar mellom tenestenivåa
  • Kvalitetsforbetring knytt til sakshandsaming
  • Koordinerande eining (KE)
  • Oppfølging av fritidskontakter
  • Sakshandsaming i heile Stad kommune.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig helsefagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • Relevant vidareutdanning. Søkjar utan vidareutdanning kan bli vurdert, men det vil være eit krav om kompetanseheving 
  • Erfaring med sakshandsaming
  • Erfaring frå arbeid innan kommunale helse- og omsorgstenester
  • God på samhandling og koordinering
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskap

Personlege eigenskapar

  • Evne til å lære raskt, ta initiativ, være løysingsorientert og arbeide sjølvstendig og målretta
  • Evne til å stå i vanskelege situasjonar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, men og kunne vere fleksibel og kreativ
  • Evne til å sjå moglegheiter og løysingar, framfor begrensingar
  • Ha gode samarbeidsevne med klar og tydeleg kommunikasjon - både skriftleg og munnleg
  • Ta ansvar for eiga utvikling, samt bidra til tenesteutvikling
  • Førarkort klasse B og kan disponere eigen bil
  • Være ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle


Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Ingrid Hjelmeland, assisterande einingsleiar heimetenesta, 97530265, [email protected]

Arbeidsstad


Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4814449630
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2024

Heimetenesta, Stad kommune

BedriftHeimetenesta, Stad kommune
Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Søk etter flere lignende stillinger