?Fast stilling som friluftsentusiastisk pedagog i ein privat Natur- og friluftsbarnehage. Eventus Valen Barnehage AS
Om stillingen
Eventus Valen Barnehage har ledig ei 100 % fast stilling som bhg.lærar/ped. leiar. Vi ser etter ein friluftsentusiastisk person med ein tydeleg friluftspedagogikk, basert på uteaktiviteter, buss-, båtturer, og nærturer i skog og fjell! Oppstart 1. august.
Hva vi ser etter
Generelle eigenskapar vi ser etter:
Du er ein god rollemodell for barna.
Du er fagleg reflektert og oppteken av å halda deg oppdatert.
Du er interessert i friluftsliv for barn.
Du er oppteken av å gi barna gode opplevingar.
Du held deg i form til å handsama ein aktiv barnehagekvardag.
Du likar å vera aktiv saman med barna inne, ute og på tur.
Du likar å vera ute i all slags vęr.
Du er god til å samarbeida med andre menneske i alle aldrar.
Du har god kompetanse på digitale verktøy og IKT.
Personleg eigenheit blir vektlagt.
Vi er opptekne av å vere ein mangfaldig barnehage, så søk gjerne på stillinga sjølv om du ikkje stemmer 100 % med det vi beskriv her.
Nødvendige kvalifikasjonar:
Utdanna barnehagelærar eller anna gyldig relevant utdanning.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Fleire språk er eit pluss.
Gyldig politiattest.
Arbeidsoppgaver
Arbeids- og ansvarsoppgåver vil mellom anna vera:
Vise ein tydeleg friluftsprofil i barnehagen
Planlegging, tilrettelegging, dokumentering og synleggjering av pedagogiske aktivitetar evt. saman med avdelingsleiar.
Vera ein del av pedagog-teamet i barnehagen.
Vera ein del av barnehagens profesjonsfellesskap, halda seg fagleg oppdatert og delta aktivt i kunnskapsutvikling med andre tilsette.
Få tildelt eit ekstra ansvarsområde etter eige ynske. Dette kan vera noko du sjølv brenn for å få til (friluftsliv, grønsakhage, leikeområde osb.).
Samarbeida på tvers av avdelingar og sjå heile barnehagen som ein heilskap.
Vera primærkontakt for halve barnegruppa på avdelinga. Dette inneber å ha foreldresamtalar, tilrettelegging av ekstra behov, kontakt med ulike støtteinstansar og andre tilpassingar som eventuelt følgjer dine primærbarn.
Vi tilbyr
Rettleiing for nytilsette på tvers av Eventus-barnehagane.
Minibuss og moglegheit for å få dekka førarkort på minibuss og båt.
Stor lavvo som kan brukast heile året.
Godt utstyrt friluftsbod og gode moglegheiter for utviding.
Fleksibel kvardag der kvar avdeling har mykje autonomi.
Engasjerte medarbeidarar som er opptekne av pedagogisk kvalitet.
Fokus på bruk av plantid for å halde høg kvalitet i barnehagen.
Arbeidsklede.
Lønn som følgjer PBL sin tariff.
Planleggingsdagar med fagleg innhald både i enkeltbarnehagar og felles for alle i Eventus.
Mangfaldig arbeidsmiljø med halvparten mannlege tilsette.
Eventus barnehagar har felles årsplan, pluss ein som er tilpassa den enkelte barnehagen. Les årsplanane her: https://eventus.barnehage.no/Innhold/Side/139042
Eventus Valen AS
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025