Fast helgestilling- Miljøterapeut, helsefagarbeidar og assistent Butenesta Haram
Om stillingen
Haram bustadar har for tida ledige helgestillingar i ulike stillingsbrøkar. Det kan være mulighet for arbeid både kvar 2.,3. og 4. helg.
Vi søker etter miljøterapeut, vernepleier, helsefagarbeidar og assistentar. Assistentar under helsefaglig utdanning oppfordres til å søke.
Haram bustadar yter tenester på følgande områder; tenestar i bustad retta mot personar med diagnosen utviklingshemming, dagsenter, avlastningsteneste for vaksne, barnebolig/avlastning og Solbakken bukollektiv.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team
- Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg
- Førarkort kl. B
- Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming
- Politiattest
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Viser initiativ og er kreativ
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson
- Evnar til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Evnar til å skape engasjement og har gode haldningar og moral
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd
- Er lojal og stabil
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med mulighet for personlig og fagleg utvikling
- Rom for å være kreativ
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, [email protected]Arbeidsstad
Brattvåggata 196270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4876174620
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Midlertidig 50 % stilling som assistent i skole/SFO
Tromsø - Ekrehagen Skole - Publisert 9.12.2024Engasjert og kreativ pedagogisk medarbeider
Oslo - Øraker Barnehage AS - Publisert 9.12.2024Regnbuen Steinerbarnehage søker flere pedagoger til vårt frodige fellesskap!
Asker - Regnbuen Steinerbarnehage - Publisert 9.12.2024Fagansvarlig eiendomsmegling og regnskap.
Tønsberg - Skagerak Eiendomsforvaltning AS - Publisert 9.12.2024Midlertidig 30 % stilling for miljøterapeut
Tromsø - Ekrehagen Skole - Publisert 9.12.2024