Jobbsafari
Medisinsk klinikk, Helse Bergen

Fast helgestilling. 15% for pleieassistent i fagleg spennande sengepost på Medisin 1 vest

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest26.5.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Medisin 1 vest er ein spennande sengepost med 16 sengeplassar i vekedagane og 13 sengeplassar i helgane. To av sengeplassane er overvakingssenger.
Sengeposten tar i mot både øyeblikkelig hjelp - og elektive pasientar. På sengeposten behandlar vi pasientar med sjukdom i spiserør, magesekk, tynntarm, tykktarm, lever, bukspyttkjertel og gallevegar. I tillegg har vi pasientar med generelle indremedisinske sjukdommar.  

Medisin 1 vest er ein interessant og utfordrande arbeidsplass med vaksne pasientar i alle aldre med akutt og/eller kronisk sjukdom. Det er stor variasjon av diagnosar, arbeidsoppgåver og pleietyngde. Vi har et triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.

Våre flinke pleieassistentar er no ferdig utdanna og går over i andre stillingar. Vi har ledig fire 15% faste helgestillingar som pleieasssitsent med god moglegheit for fagleg og personleg utvikling.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er varierte
  • Gi god omsorg for pasient med fordøyingssjukdommar og andre indremedisinske problemstillingar, samt pårørande
  • Stell og pleie, samt enkel overvaking i samråd med sjukepleiar
  • Førebuing og observasjon av pasientar som gjennomgår endoskopisk undersøking og behandling
  • Matservering, kostregistrering og oppfølging av pasientar i ernærngsmessig risiko
  • Prøvetaking, 
  • Screening av Trygg Pleie
  • Ta del i dei til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
  • Du kan bli beden om å sitte fastvakt 
  • Utvida opplæring kan bli gitt til kandidata med relevant utdannning/opplæring

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiestudent som er ferdig med medisinsk praksis i sjukehus, eller tilsvarande relevant arbeidspraksis frå helsesektoren
  • Relevant sjukehuserfaring, gjerne frå sengepost
  • Det er ein fordel med erfaring med akutt/kritisk sjuke pasientar                                                                 
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg 
  • Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system (gjerne DIPS og Meona)

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel, samarbeids- og løysingsorientert       
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Opptatt av kvalitet i arbeide og har eit stort fagleg engasjement 
  • Pasientorientert og evner og se personen bak diagnosen
  • Trivast med varierte arbeidsoppgåver   
  • Sjølvstendig men jobbar også godt i team saman med ulike profesjonar
  • Ansvarsbevisst, og har stå-på vilje
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø, god orden og har godt humør
  • Trivast i eit aktivt miljø med varierande tempo

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Bedriftsidrettslag
  • Relevant opplæring og kompetanseplanar
  • Sosiale arrangement for alle medarbeidarar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Karin Ragnhild Røste, Ass. avdelingssjukepleiar, 55978187, [email protected]


Merete Favang, Avdelingssjukepleiar, 55973603


Arbeidsstad

Haukelandsveien 22


5021 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4812162963


Stillingsprosent: 15%


Fast


Søknadsfrist: 26.05.2024



Medisinsk klinikk, Helse Bergen

BedriftMedisinsk klinikk, Helse Bergen
Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger