Jobbsafari
Solbakken omsorgsboliger og avlastning

Fagvernepleier - vikariat

1 måneder siden
OmrådeBø i Telemark
Søk senest17.6.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Solbakken bu og avlastning er ein arbeidsplass med fokus på gode kvardagar. Me bistår ulike teneste mottakarar i ulike aktivitetar for å gje innhaldsrike og meiningsfulle dagar. Aldersspenn er frå ca. 6 år – 60år.
Solbakken har fem leilighetar for fastbuande, og har omlag. 10 barn på avlastning (hovudsakleg kveld og helg). Vi er også ute hos heimebuande tenestemottakar og bistår i dagleglivets gjeremål i ulik grad.  I arbeidet legger vi vekt på brukarmedvirkning og individuell tilrettelegging.
Solbakken har ei stor og flott personalgruppe med brei tverrfagleg bakgrunn.
Stillinga er 40% fagtid og 60% i miljøet. Vikariatet er ledig i 2 år, med mulighet for fast.

Har du lyst til å være med i gjengen vår ved Solbakken og bidra med å forme tenesten og dagane sammen med oss, så er du hjertelig velkommen til å søke hos oss.
Vi er ein bustad med eit spennande fagfelt innan målretta miljøarbeid.


Arbeidsoppgåver

Arbeidet rettar seg mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne.

  • Bidra til dagleg omsorg, gje sosial støtte og rettleiing
  • Målretta miljøarbeid
  • Fagleg ansvar for tenesta til brukarane, satt av fagleg tid til dette arbeidet
  • Oppfølging av Helse og omsorgstjenestelova Kapittel 9
  • Legge til rette for eigen meistring, opplæring og trening
  • Vedlikehalde ferdigheitar og etablere nye ferdigheiter
  • Gi råd og rettleiing til kollegaer og samarbeidspartnerar
  • Legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  •  Autorisert vernepleier

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå arbeid med målretta miljøarbeid i tenesten for mennesker med nedsatt funksjonevne
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er: 

  • positiv
  • pålitelig
  • engasjert
  • samarbeidsvillig
  • trygg i rollen
  • tålmodig

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Ingrid Lømo Ånensen, Avdelingsleiar, +47 41178658


Arbeidsstad

Gamleveg 112


3802 Bø


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4823534334


Stillingsprosent: 100%


Vikar


Startdato: 19.08.2024


Sluttdato: 14.06.2026


Søknadsfrist: 17.06.2024



Solbakken omsorgsboliger og avlastning

BedriftSolbakken omsorgsboliger og avlastning
Om bedriften

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger