Jobbsafari
Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Fagsykepleier

1 måneder siden
OmrådeÅlesund
Søk senest9.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Vil du vere med på laget vårt?

Akutt psykisk helse Ålesund har ledig ei fast 100 % stilling for sjukepleiar/spesialsjukepleiar med funksjon som fagsjukepleiar. Oppstart 2. september.
Ved evt internt opprykk kan annan stillingsprosent bli ledig.

Dette er ein administrativ funksjon der ein vil ha meiransvar for fagleg utvikling i seksjonane; Akutt psykisk helse team A og B. Fagsjukepleiar er ein viktig støttespelar for seksjonsleiarane som skal drive den faglege utviklinga innan akuttpsykiatri. 

Akutt psykisk helse Ålesund har 12 sengeplassar fordelt på to seksjonar, A og B. Stillinga er knytt til begge (50 % i kvar seksjon). Akutt psykisk helse Ålesund tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Vi jobbar tverrfagleg i team som består av psykiaterar, psykolog, LIS 1 og LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Seksjonane skal samlast til ein seksjon i løpet av våren 2025. 

Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består elles av 4 seksjonar: Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og Behandling, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Arbeidsoppgåver

  • Sikre at praksis og prosedyrer er kunnskapsbasert 
  • Vere pådrivar for å utvikle og kvalitetssikre klinisk sjukepleie og bidra til god fagleg dokumentasjon. Spesielt knytta til Helseplattformen
  • Bidra i strategisk kompetanseplanlegging. Skaffe seg oversikt over aktuelle kurs, utdanningar m.m.  
  • Drive fagutvikling i seksjonane 
  • Systematisere, dokumentere og følge opp fagutvikling ved bruk av kompetanseplanar(Kompetanseportalen)
  • Oppfølging av studentar og nytilsette 
  • Saman med MAP-koordinator ha ansvar for å planlegge kurs og vedlikehaldstreningar.  

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Ynskjeleg med vidareutdanning innan  relevant fagområde(psykisk helse, rus eller tilsvarande)
  • Ein må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide kunnskapsbasert 
  • Relevant klinisk erfaring 
  • Fagleg engasjement og evne til å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg 
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne 
  • Gode grunnleggande datakunnskapar 
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø, kunne gje og motta kollegastøtte 
  • Stillinga vil innebere oppgåver knytta til MAP. Ein forventar at fysisk form er god nok til dette.  
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Andreas Trædal, Seksjonsleiar, [email protected]


Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, 70106561, [email protected]


Arbeidssted

Ålesund sjukehus


6026 Ålesund


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4814716146


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 09.06.2024



Akutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

BedriftAkutt psykisk helse Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger