Spesialiserte fosterhjem Vestland, Bufetat

Fagkonsulent

OmrådeSogndal
Publisert3.7.2024
Søk senest17.7.2024

Om stillingen

Informasjon om stillinga og arbeidsstaden

Spesialiserte fosterheimar i Region vest, avd. Vestland, har ledig ei fast stilling i 100% som fagkonsulent. Vi søkjer deg som har eit engasjement og eit ynskje om å vere med å gje eit ekstra bidrag til at born, ungdom og familiar vert ivaretekne på ein god og utviklande måte. 

Eininga Spesialiserte fosterheimar i Region vest har to avdelingar; i Rogaland og i Vestland. Den ledige stillinga høyrer til i avdeling Vestland. Avdeling Vestland har kontor i Bergen og i Sogndal, og begge stader kan være aktuelle som fast kontorstad. Det må uansett påreknast enkelte arbeidsdagar den staden du ikkje har fast kontor. 

I eninga vektlegg vi fagutvikling og eit godt og trygt arbeidsmiljø. 


Arbeidsoppgaver

Dette får du arbeide med hos oss

  • Du får følgje opp og rettleie spesialiserte fosterheimar
  • Du får følgje opp born og ungdom frå inntak til utflytting
  • Du vil få eit tett samarbeid med omsorgskommunar, foreldre, skule, PPT/OT, BUP m.fl.
  • Du vil få rettleie og gje opplæring til spesialiserte fosterheimar gjennom bruk av modellar som Traumebevisst omsorg (TBO), Emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre (EFST), og Trygghetssirkelen (COS). 
  • Du må systematisk dokumentere arbeidet i våre ulike fagsystem. 
  • Du vil få delta i fagleg utviklingsarbeid i eininga
  • Du kan få bistå i rekruttering og opplæring av nye spesialiserte fosterheimar

Kvalifikasjoner (overskrift)

Kva slags bakgrunn har du?

  • Det er krav om fullført bachelorgrad innan helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, som barnevernpedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Det er ynskjeleg med rettleiarutdanning og -røynsle
  • Det er ynskjeleg med fagleg relevant vidareutdanning, tilsvarande 60 studiepoeng
  • Det er ynskjeleg med røynsle frå arbeid med born og unge gjennom fosterheimsarbeid eller institusjonsarbeid, arbeid i barneverntenesta eller tilsvarande relevant røynsle
  • Det er ynskjeleg med god kunnskap om borns utvikling, traumar og konsekvensar av desse 
  • Det er ynskjeleg med kunnskap om, og røynsle med arbeid med TBO

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som:

  • har gode sosiale eigenskapar
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • har evne til å samarbeide i team og å forstå betydninga av ditt bidrag i teamet
  • har ei positiv innstilling og evne til å sjå løysingar
  • tåler å stå i utfordringar over tid med varierte oppgåver
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk språk
  • har evne til fleksibiltet og omstilling

Personlege eigenskapar vert vektlagd

Kva tilbyr vi?

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 502 300 - 604 900 pr. år (ltr. 50-62).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt. kr 584 500 - 667 700 (ltr. 60-68) pr år. 
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, pt kr 584 500-667 700 (ltr. 60-68) pr år.  
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring
  • Ved særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring

I tillegg tilbyr vi:

  • Eit engasjert og spanande fagmiljø med fokus på fagutvikling
  • Fleksibel arbeidstid innafor bestemte rammer
  • Moglegheit til å trena inntil ein time i veka i arbeidstida
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer
  • Du får vere med å løfta oss og kjenne verdien av at vi kan gje born og unge og deira familiar eit endå betre tilbod

Opplysningar til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er p.t. lagt til einiga Spesialiserte fosterhjem Region vest, avd. Vestland.
  • Politiattest må framleggast ved ei eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikkje vert tatt til følgje.
  • Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.
  • Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Alice Tunestveit, Avdelingsleiar, 46618902, [email protected]
Ingunn Folkestadås, Einingsleiar, 46615594, [email protected]

Arbeidssted

Solheimsgaten 11
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4835005831
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.07.2024

Spesialiserte fosterhjem Vestland, Bufetat

BedriftSpesialiserte fosterhjem Vestland, Bufetat
Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Lignende stillinger