Medisinsk biokjemi Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Fagbioingeniør blodbank

OmrådeVolda
Publisert3.2.2025
Søk senest22.2.2025

Om stillingen

Vil du jobbe i eit fagleg sterkt miljø og bidra til ei trygg og effektiv blodbankteneste? Blodbanken i Volda har no ei ledig 100% fast stilling som fagbioingeniør!

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei fire sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank i Volda har 16 stillingar og om lag 18 tilsette. Seksjonen omfattar fagområda hematologi/koagulasjon, kjemi, pre-analyse/PNA og blodbank.

Ved endringar i personalgruppa kan det ōg bli moglegheit for tilsetjing som bioingeniør i ei vaktgåande rutinestilling, anten fast eller som vikariat. Dersom dette er av interesse, ber vi om at det vert oppgitt i søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Ivareta fagansvar for Blodbanken i Volda
  • Utføre arbeidsoppgåver knytte til fagområdet
  • Tileigne seg spesialisert kompetanse innan eige fagfelt
  • Vere ressursperson innan sitt fagområde
  • Bidra til kompetanseutvikling i seksjonen
  • Ta del i daglege rutineoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Relevant erfaring
  • Meistrar norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein engasjert kollega som likar å ta ansvar, er initiativrik og løysingsorientert. Vi ønskjer ein kollega som:

  • Er motivert for fagleg utvikling og har interesse for transfusjonsmedisin
  • Er fleksibel, strukturert og sjølvstendig
  • Har gode kommunikasjons- og gjennomføringsevner
  • Trivst med å arbeide både åleine og i team

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Joar Ulstein, Seksjonsleiar, 91664595, [email protected]

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4901173976
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2025

Medisinsk biokjemi Volda, Helse Møre og Romsdal HF

BedriftMedisinsk biokjemi Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Søk etter flere lignende stillinger