Om stillingen
SFO på Lye skule treng fleire med på laget. Me søker deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god kvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera ein viktig fagperson som i tett samarbeid med kollegaer arbeider for at kvar enkelt elev blir teken på alvor og sett kvar dag.
SFO på Lye skule har i dag 115 elevar og 11 tilsette i ulike typar stillingar. Hos oss har me fokus på leik, inkludering og vennskap, samt trivsel blant både vaksne og barn.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil få ansvar for å følgje opp elevar enkeltvis og i større grupper, drive aktivitetar og bidra i daglege gjeremål i SFO.Kvalifikasjonar
Fagarbeidar, fortrinnsvis barne- og ungdomsarbeidar.
Anna relevant kompetanse eller erfaring kan kompensera for manglande fagbrev
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eiga utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
Eit års vikariat i 50%, med moglegheit for forlenging, og utviding til skulen. Det er ønskeleg med snarleg oppstart.
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spanande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Det er lovkrav om at politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Iselin Stangeland, Leiar Sfo, 95107964, [email protected]Arbeidsstad
Kvartsvegen 5B4347 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5041209231
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 15.12.2025
