Fagarbeidar/assistent
Om stillingen
Vi søker engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar og assistentar. I våre ledige stillingar får du moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna, der leik og læring står i sentrum.
For barnehageåret 2026/2027 kan det bli ledige både faste stillingar og vikariat i alle dei fire barnehagane våre: Leikanger barnehage, Myrsnipa barnehage, Moltu barnehage og Bergslia barnehage.
Arbeidsoppgåver
- arbeide med barn i tråd med lov, forskrift og lokal rammeplan
- støtte opp om arbeidet med å fremme gode læringsmiljø for alle barn
- følgje opp barn med behov for ekstra hjelp og støtte
- utføre praktiske oppgåver både ute og inne
For arbeid i barnehage må du følgje barnehagen sitt vaktsystem.
Kvalifikasjonar
- primært fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, eller anna relevant utdanning
- erfaring frå arbeid med barn
- gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- grunnleggande datakunnskapar
For arbeid i barnehage er det krav om bestått norsk prøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- har høg relasjonskompetanse
- er god på samarbeid både med barn, føresette og andre tilsette
- er ein god rollemmodell, og ein trygg og tydeleg vaksenperson
- deltek aktivt ilag med barna både ute og inne
- er fagleg engasjert, løysingsorientert, strukturert og fleksibel
Vi tilbyr
- ein spennande, variert og meiningsfylt arbeidskvardag der barna si utvikling står i sentrum
- eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- heilskapleg tenking i og rundt pedagogiske opplegg
- samarbeid og lærande fellesskap
- pensjons- og forsikringsordning i KLP
- IA-bedrift
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299Arbeidsstad
Rådhusgata 76090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5075535832
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.03.2026