Fagarbeidarar og assistentar
Om stillingen
Volda kommune har frå d.d. og ut barnehageåret 2024/2025 ledige vikar stillingar i barnehagane som fagarbeidarar og assistentar.
Vikariat:
Hornindal barnehage frå d.d. - 30.06.25
- 50 % stilling som fagarbeidar/assistent
- 80 % stilling som fagarbeidar/assistent
Tilkallingsvikarar:
Desse barnehagane treng tilkallingsvikarar:
- Bratteberg barnehage
- Engeset barnehage
- Folkestad barnehage
- Hornindal barnehage
- Austefjord barnehage
- Lauvstad barnehage
- Mork barnehage
- Oppigarden barnehage
Sektor oppvekst sin visjon er:
Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.
Saman med helsestasjon, barnevern, skule, vaksenopplæring og kulturskule, er barnehage ein del av sektor oppvekst.
Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barn ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.
Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn og unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.
Du må kunne identifisere deg med og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:
RAUS ? MODIG ? KOMPETENT ? LÆRANDE
Kommunen nyttar nynorsk som målform.
CV må fyllast ut i søknaden.
Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppe- og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 3. februar og 6. februar . Andre datoar kan og verte aktuelle.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, og kan vere både på små- og storbarns avdeling. Arbeidet kan og vere knytt til oppfylging av enkeltbarn.Kvalifikasjonar
Personar med følgjande kompetanse vert oppmoda om å søke:
- gjerne fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- erfaring frå arbeid med barn
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- gode norskkunnskapar
- grunnleggjande datakunnskapar
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er:
- glad i barn og har evne til å bygge gode relasjonar
- tolmodig, omsorgsfull og som ynskjer å gjere kvardagen til barna trygg og stabil
- kreativ, forskande, undrande og har evne til å skape engasjement og er deltakande i barn sin leik og utvikling
- ein autoritativ vaksen
- fagleg engasjert og løysningsfokusert
- fleksibel og samarbeidsorientert for å nå felles mål
Vi tilbyr
- spennande oppgåver, der ein får medverke til å skape ein god barnehage for alle barn
- eit kreativt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- høve til fagleg utvikling og vekst
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr barnehagelova § 30.
Den som vert tilsett må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg.
Prøvetida er 6 mnd.
Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Anita Kristin Olsen, Styrar Hornindal barnehage, 90535195, [email protected]Bodil Brautaset, Avdelingsleiar barnehage, 91194598, [email protected]
Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4871229931
Stillingsprosent: 80, 50%
Vikar
Startdato: 04.02.2025
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 30.01.2025
Volda kommune, Avdeling barnehage
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Lignende stillinger
API Architect
Kongsvinger - Ponsse AS - Publisert 12.2.2025Cabin Crew
Er du vår nye salgsagent? Vi søker deg med engasjement og pågangsmot som søker nye utfordringer
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025LABOUR LAWYER NORWAY
Gardermoen - Barona Norway - Publisert 13.2.2025District Manager
Oslo - Barona Norway - Publisert 13.2.2025