Linn-Beathe Suphammer

Fagarbeidar

Område

Austevoll

Publisert

6.5.2026

Søk senest

31.5.2026

Om stillingen

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining i Austevoll kommune med om lag 200 tilsette. Eininga leverer fleire helse- og omsorgstenester, mellom anna miljøarbeidartenesta. Målet vårt er å gi tilpassa og fagleg forsvarlege tenester, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Miljøarbeidartenesta gir praktisk hjelp, opplæring og oppfølging til personar med nedsett funksjonsevne, i tråd med vedtak. Gullsmedvegen bu og avlasting er ei av avdelingane i miljøarbeidartenesta. Her er avlastingseining for barn og unge samt omsorgsbustader for vaksne i tilknyting. Hos oss har vi årsturnus, der du får vere med og påverke eigen turnus. Vi har òg fleire stillingar med langvakter, som kan gi lengre friperiodar og meir forutsigbarheit i kvardagen.

Tenesta omfattar:

  • bufellesskap med bemanning heile døgnet
  • avlastingsbustad for barn og unge
  • omsorgsbustader for vaksne knytt til avlastningsbustaden
  • ambulerande tenester til personar med nedsett funksjonsevne

Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta 25.000 kroner av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, og du kan sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside .


Om stillinga

Miljøarbeidartenesta har ei ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar. I tillegg har vi ei ledig 55 % nattstilling.

Vi tilbyr årsturnus med moglegheit for å påverke eiga arbeidstid. Arbeidsstad er for tida Gullsmedvegen bu og avlasting, som omfattar tre omsorgsbustader med bemanning heile døgnet og avlasting for barn og unge med tre sengeplassar.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Gi praktisk hjelp og støtte i kvardagen til personar med nedsett funksjonsevne
  • Delta i planlegging og gjennomføring av tiltak og aktivitetar som fremjar meistring, utvikling og trivsel
  • Bidra til målretta miljøarbeid og oppfølging etter vedtak og tiltaksplanar
  • Vere ein trygg og stabil vaksenperson som legg til rette for gode relasjonar og sosial deltaking
  • Samarbeide tett med kollegaer, fagpersonar, pårørande og andre tenester
  • Dokumentere og følge opp i fagsystem
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og eit trygt tenestetilbod

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
  • Du må ha god digital kompetanse
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Du må kunne snakke og skrive godt norsk
  • Du må legge fram gyldig vandelsattest ved tilsetting
  • Erfaring frå arbeid innan habilitering er ønskeleg
  • Andre kan vurderast på grunnlag av tidlegare erfraing eller personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg og omsorgsfull, og møter brukarane med respekt
  • Du samarbeider godt og bygg tillit i møte med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Du er tålmodig og fleksibel, og handterer endringar på ein roleg og løysingsorientert måte
  • Du er engasjert og fagleg interessert, og tek ansvar for eigne oppgåver
  • Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Tilbake til toppen

Linn-Beathe Suphammer

Bedrift

Linn-Beathe Suphammer

Søk etter flere lignende stillinger

AustevollHelse og sosial

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.

Barnehagelærer

Bergen Kommune

Bergen19.5. - 2.6.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS