Randi Djønne

Fagansvarlig bioingeniør, prøvehåndtering og mikrobiologi

Område

Ullensvang

Publisert

8.4.2026

Søk senest

22.4.2026

Om stillingen

hardangerfjord.com hardangerfjord.com

Vil du jobbe som fagansvarleg bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?

Som fagansvarleg bioingeniør ved Laboratoriet i Odda får du ei sjølvstendig rolle med ansvar for prøvehåndtering og mikrobiologi, tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen. Du blir fast tilsett hos oss, men fagansvaret er eit vikariat i ein avgrensa periode. Ved intern tilsetting blir det ledig fast stilling som bioingeniør. Opplys gjerne i søknad dersom dette er av interesse.

Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år - søk her!
Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld –  sjekk her .

Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser.

👉 Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag. 


Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:

  • Mottak, fordeling og sending av prøver internt og eksternt
  • Ansvar for sentrifuger, vekt, varmeskap og avtrekkskap
  • Lokalt ansvar for pipetter
  • Hurtigtester: pnemokokk og legionella
  • Ansvar for opplæring av tilsette
  • Bestilling av varer til fagområdet
  • Delta i rutinedrift og vaktordning

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet – også når det er mykje å gjere
  • tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
  • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode

Kvifor skal du velje oss?

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå  
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver 
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Hjelp til bolig
  • Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, [email protected]

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5108903525
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2026

Tilbake til toppen

Randi Djønne

Bedrift

Randi Djønne

Søk etter flere lignende stillinger

UllensvangHelse og sosial

Lignende stillinger

Bartender - Clarion Hotel Oslo

Strawberry AS

Oslo20.4. - 18.5.
Ny
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS