Fagansvarlig bioingeniør, PNA og prøvetaking

OmrådeOdda
Publisert28.2.2026
Søk senest1.4.2026

Om stillingen

Om stillinga

Vil du jobbe som fagansvarleg bioingeniør - og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Som fagansvarleg bioingeniør ved Laboratoriet i Odda får du ei sjølvstendig rolle med ansvar for PNA og prøvetaking, tett på drift og pasientbehandling - i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen. Du blir fast tilsett hos oss, men sjølve fagansvaret er eit vikariat i ein avgrensa periode.

Er du3.-årsstudent?Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år -søk her!

Vurderer du å flytte - men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld -sjekk her.

Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.

Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar - og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på:hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser.

Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
  • Blodprøvetaking
  • Blodgass
  • Urin
  • Glukose
  • Opplæring av ansatte ved Odda sjukehus i blodprøvetaking, analysering av blodgass, urin og glukose
  • Delta i rutinedrift og vaktordning

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:
  • jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet - også når det er mykje å gjere
  • tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
  • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode

Kvifor skal du velje oss?

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Hjelp til bolig
  • Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder

Sletting av studiegjeld:Du kan ha rett på sletting av utdanningsgjeld dersom du bur i ein kommune som er omfatta av ordninga.Les meir her!

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse: Sjukehusvegen 10, 5750 ODDA, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Randi Djønne

Funksjonsleiar

Telefon: +47 53651123

E-post: [email protected]

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Helse Fonna Hf

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Barnehagelærer By barnehage

Åfjord Kommune

Åfjord16.4. - 22.4.