Gry Synøve Åmlid

Fagansvarleg kokk

OmrådeFyresdal
Publisert29.1.2026
Søk senest26.2.2026

Om stillingen

Fagansvar kjøkken og vaskeri.

Fyresdal pleie- og omsorgssenter (POS) har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Pluss 1 ØHD plass.

Hos oss skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Kjøkkenet som høyrer til på POS, har som målsetting å lage mest mogleg heimelaga mat og tilpasse kosten til brukarens behov. Vi lagar også mat til heimebuande eldre.

Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget


Arbeidsoppgåver

  • Tilberede mat og måltider, planlegging av kost og diettar, internkontroll mat, bestilling av matvarer, ansvar for opplæring og tilrettelegging
  • Fagansvar kjøkken og vaskeri, adminstrative oppgåver på faste kontordager
  • Dersom det vert intern opprykk ved tilsetting, vil der bli anna ledig stilling som institusjonskokk

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som institusjonskokk

Personlege eigenskapar

  • Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Årsturnus med jobb dagtid og kvar 3. helg
  • Kommunale vilkår, inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale
  • Løpande barnehageopptak

Tilsettingsvilkår

  • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk
  • Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato
  • Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve

Kontaktinformasjon

Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 90770830, [email protected]

Arbeidssted

Prærien 23
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5070241820
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.02.2026

Gry Synøve Åmlid

BedriftGry Synøve Åmlid

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Solutions Consultant with Norwegian and English

Telus Digital Bulgaria

Bulgaria11.3. - 10.4.
Anbefalt