Jobbsafari

Fag- og vedlikehaldsarbeidar på avdeling teknisk drift - 100 % fast

2 måneder siden
OmrådeFyresdal
Søk senest3.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Avdeling teknisk drift i sektor for plan og teknikk søker fag- og vedlikehaldsarbeidar med arbeidsområde innan drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg. Stillinga er 100% fast.

Vi ynskjer ein person som:

  • Har fagbrev som rørleggar, innan elektro eller tømrar. Ved manglande fagbrev kan annan utdanning og/eller praksis kompensere for dette.
  • Er omgjengeleg og har gode evner til kommunikasjon.
  • Kan arbeide sjølvstendig.
  • Er serviceinnstilt.
  • Har gode samarbeidsevner.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Tilsettingsvilkår:

  • Den som blir tilsett må vere villig til å delta på eventuelle kurs og opplæringsprogram.
  • Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B.

For stillinga gjeld:

  • Løn etter avtale, avhengig av utdanning og praksis.
  • Den tilsette blir medlem i pensjonsordning i KLP med 2 % innskot.
  • Tilsetting skjer elles i samsvar med gjeldande lovar, avtaler og reglement.

Kontaktperson ved spørsmål:

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar teknisk drift, Geir Wæthing, på telefon 91 56 64 58.

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for stillinga er 03.03.2024.

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring.

Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.

Fyresdal Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger