Ergoterapeut med interesse for velferdsteknologi - fast stilling
Om stillingen
Er du ein fagleg engasjert ergoterapeut med spesiell interesse for velferdsteknologi? Då må du lese vidare!
Giske kommune søkjer ein ergoterapeut i fast 100 % stilling som har interesse for kartlegging og oppfølging av eldre. Som ergoterapeut vil du ha ansvar for kartlegging av ADL hos eldre i eigen heim. Du skal tilby ergoterapi til eldre som av ulike grunnar har hatt eit funksjonstap eller kjem tilbake til eigen heim etter eit opphald på sjukehus. Målet med ADL- og funksjonstrening i heimen, samt tilrettelegging med dei riktige hjelpemidla, er at brukaren kan bu lengst mogleg i eigen heim og klare seg sjølvstendig.
I tillegg til ergoterapioppgåvene vil du også få ansvar for å koordinere og følgje opp velferdsteknologiske løysingar som kommunen har. Du skal sikre at einingane er samordna i arbeidet og ha eit interkommunalt samarbeid slik at kommunen sikrar ei effektiv bruk av velferdsteknologi.
Fysio- og ergoterapiavdelinga i Giske kommune har kontor på Giske omsorgssenter på Valderøya og er organisert under eining Barn, familie og helse. I avdelinga er vi for tida 4 fysioterapeutar i 3,5 årsverk. 2 ergoterapeutar i 1,5 årsverk. 2 Velferdsteknologiansvarlege i 1,5 årsverk. Hjelpemiddelansvarleg i 1 årsverk samt helsefagarbeidar i 0,4 årsverk
I tillegg til formell kompetanse, blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Drive kunnskapsbasert ergoterapi til ei kvar tid.
- Kartlegging og behandling av hovudsakleg eldre brukarar i Giske kommune.
- Rettleiing av brukarar, pårørande og anna personell.
- Rettleiing og søknad om hjelpemiddel.
- Tverrfagleg samarbeid i team og med andre yrkesgrupper.
- Koordinere og følgje opp velferdsteknologi i Giske kommune.
- Samarbeide tett med velferdsteknikar i den daglege drifta.
- Samarbeide med eininga Helse og omsorg og kontinuerleg ha fokus på implementering av velferdsteknologi.
- Følgje opp og delta på møte i eit interkommunalt forum.
- Rapportere til styringsgruppa i kommunen.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent ergoterapeut.
- Relevant yrkeserfaring.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
- Interesse for eller erfaring med velferdsteknologi er nødvendig.
- God digital kompetanse.
- Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
- Er engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
- Har evne til å arbeide strukturert og målretta for å oppnå gode resultat.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Trivast med å jobbe sjølvstendig og i team.
- Er fagleg oppdatert og utviklingsorientert.
- Har teknisk innsikt.
- Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer med god kompetanse og erfaring.
- Godt tverrfagleg samarbeid i ei utviklingsorientert kommune.
- Moglegheite til å påvirke din egen arbeidshverdag.
- Moglegheite til å utvikle ergoterapi- og velferdsteknologitilbodet i Giske kommune.
- Fleksitidordning.
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Gitte Myklebust, avdelingsleiar, 95990838Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234
Arbeidsstad
Skomakarvegen 16050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4937166263
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.03.2025
Barn, familie og helse, Giske kommune
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025