Stranda Kommune

Ergoterapeut 100% vikariat

Område

Stranda

Publisert

23.8.2026

Søk senest

25.8.2026

Om stillingen

Om stillinga

Stranda kommune har ledig 100% vikariat som ergoterapeut frå snarast til 31.12.26, med moglegheit for forlenging.
Ergoterapeut og fysioterapeut har eit tett samarbeid og er samlokaliserte.
Kontorstad er både ved helsestasjonen og ved Stranda omsorgssenter.

Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. Månad for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i arbeid, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.

Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er
registrert der.

Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn tre månadar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

25.08.2026

Arbeidsgivar:

Stranda kommune

Stad:

Stranda

Stillingstittel:

Ergoterapeut 100% vikariat

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikar

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5163646483

Sluttdato:

31.12.2026

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge og vurdere funksjonsevna både hjå personar som er heimebuande og på institusjon.
  • Kartlegge, planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak for personar som er heimebuande og på institusjon.
  • Rettleie og bistå brukarar i alle aldersgrupper, som av ulike årsaker har eller står i fare for å få funksjonsnedsetjing
  • Delta i tverrfageleg arbeid for å gi eit heilskapleg tilbod til brukaren/pasienten.
  • Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
  • Rettleie både kollegaer, pasientar og pårørande.
  • Dagleg ansvar for fagleg forsvarlig oppfølging av pasientane.
  • Samarbeide med andre aktuelle tenester og verksemder

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som ergoterapeut
  • Erfaring som ergoterapeut frå kommunehelsetenesta
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Gode evner til tverrfagleg samarbeid
  • Fagleg engasjert
  • Strukturert, fleksibel og omgjengeleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og varierte arbeidskvardag som du kan vere med å utvikle og ette ditt preg på
  • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Nedbetaling av studielån dersom du bur i Stranda kommune


Adresse: Øyna 13, 6200 Stranda, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Josefine Gjerde

Einingsleiar helsetenesta

Telefon: +47 46411089

Om arbeidsgivaren

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.

Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
.

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Tilbake til toppen

Stranda Kommune

Bedrift

Stranda Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Stranda

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS