Jobbsafari

Er du vår nye reinhaldsleiar?

OmrådeLom
Publisert11.11.2024
Søk senest3.12.2024

Om stillingen

Reinhald er viktig for folkehelsa og trivselen i samfunnet vårt. Visste du at reinhaldstilsette er med på å sikre at born og unge har eit godt inneklima i skular og barnehagar? Kunne du tenke deg å leie og ta del i utviklinga av reinhaldstenestene i Lom kommune - då er dette stillinga for deg!

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som:

  • Har fagbrev som reinhaldsoperatør, eller annan relevant utdanning/erfaring

  • Kjennskap til NS-INSTA 800 eller har eit ynskje om å lære

  • Har førarkort klasse B og beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg


Vi legg stor vekt på personleg eignaheit.

Arbeidsoppgaver

I leiarrolla vil du ha ansvaret for avdelinga som i dag består av 12 reinhaldsoperatørar. Du vil stå for den overordna reinhaldsplanlegginga, og saman med dei tilsette vil du koordinere arbeidsoppgåvene på tvers av bygg og tenesteområde. Du vil også delta i det daglege og periodiske reinhaldet etter behov. Som avdelingsleiar vil du ta del i å skape løysingar som ikkje berre møter dagens behov, men også framtidas utfordringar.

Du må rekne med at ansvaret og arbeidsoppgåvene vil endre seg med utviklinga av tenesteområdet.

Vi tilbyr

Som tilsett i Lom kommune vil du vere ein del av eit positivt og støttande arbeidsmiljø, der din innsats vert sett pris på. Du vil bli ein del av leiarteamet i kommunal eigedom, der reinhaldsavdelinga vil spele ei viktig rolle i eigendomsforvaltning og i utvikling av bygg.

Søkjarliste vil bli offentleggjort.

Lom Kommune

Søk etter flere lignende stillinger