Jobbsafari
Stavanger akuttsenter - Røyneberg, Bufetat

Er du vår nye miljøterapeut?

2 måneder siden
OmrådeRøyneberg
Søk senest10.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Ved Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg er det ledig 2 100% faste stillingar som miljøterapeut. Oppstart snarast og etter avtale. Miljøterapeutar arbeider p.t. 2-delt turnus, dag, kveld og kvar 3. helg. 

Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom.

Ungdomane du skal hjelpe kjem til oss i ei kritisk stund i eiga liv. Vil du vere med å hjelpe dei?
Vere der for dei når det gjeld som mest? Gje dei omsorg, varme og tryggleik i timane, dagane og vekene som kjem?

Hvis du finn meining i dette, og har eigenskapane, utdanninga og erfaringa som skal til, kan dette vere rette jobben for deg.

Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg, tek imot ungdom plassert etter lov om barnevern §§ 4-1, 4-2/§ 4-12. Vi har totalt plass til 4 ungdomar i alderen 13-18 år. Ungdomane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak. Senteret har 2 institusjonsavdelingar og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar; ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.

Det å jobbe i akutten byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.

Vi ynskjer ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskilt menn til å søkje.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel mens dei bur hos oss.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Hovudkontaktansvar, til dømes bruk av kartleggingsverktøy, utarbeida handlingsplanar og retningslinjer, skrive rapportar og gjennomføra strukturerte samtalar og sikre medverknad.
  • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.
  • Ansvarsvakt.
  • Arbeid kvar tredje helg.
  • 8-11 timers vakter og eigne møtevakter.

Kvalifikasjonar

Krav til stillinga:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
  • Personleg egnaheit vert vektlagd.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Kjennskap til barnevernslova.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som vert motivert av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Du må ha evne til å oppretthalde ein god struktur, eit fagleg perspektiv og å samarbeide i team.
  • Du er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
  • For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.

For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).  
  •  Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64) eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog: pt kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64). 
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Opplysningar til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avd. Røyneberg.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Monica Gravdal, Avdelingsleder, 466 19 483, [email protected]


Arbeidssted

Marknesringen 48


4052 Røyneberg


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat



Referansenr.: 4762886890


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 10.03.2024



Stavanger akuttsenter - Røyneberg, Bufetat

BedriftStavanger akuttsenter - Røyneberg, Bufetat
Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.



Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger