Helse Fonna Hf

Er du kokk og vil lage mat som betyr noko?

Område

Haugesund

Publisert

5.5.2026

Søk senest

14.5.2026

Om stillingen

Om stillinga

Ved kjøkkenet på Haugesund sjukehus produserer vi mat som gir energi, tryggleik og glede til pasientar og kollegaer.

No ser vi etter ein engasjert kokk som vil vere med å lage sunn og smakfull mat til dei som treng det som mest.

Du blir ein del av eit flott team som serverer måltid til pasientar, tilsette og besøkande - og som har ansvar for produksjon til pasientkantiner, Haugaland DPS, Karmøy DPS, BUP og personalkantina. Her lagar vi rundt 120 000 porsjonar i året - med stolthet og respekt for råvarene og for menneskene vi lagar maten til.

Stillinga er 100 % og inneheld arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter avtale.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Andreas Johansson (funksjonsleiar) på 968 47 985 eller Bjarte Halleraker (avdelingsleiar) på 951 80 683.

Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene er blant anna:
  • Å laga næringsrik mat frå grunnen, etter ulike behov og dietter.
  • Du vil delta i både produksjonsarbeid og servering i kantina.
  • Å arbeide etter gode rutinar for mattryggleik (IK-mat og HACCP).
  • Du har kontakt med pasientar og møter daglege, lærerike utfordringar knytt til ernæring og kosthald.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Fagbrev som kokk eller ernæringskokk.
  • Erfaring i varebestilling/logistikk er eit krav.
  • Erfaring frå storkjøkken - gjerne sjukehus.
  • God digital kompetanse og lærer deg nye system raskt.
  • Det krevs gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg. Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunne dokumentere bestått eksamen på minimum trinn B2.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:
  • er ein lagspelar, men òg trygg på eigne vurderingar
  • held høg standard på det du leverer - og stiller krav til deg sjølv
  • er strukturert, sjølvstendig og trivst med ansvar
  • har god kjøkkenøkonomi og forstår viktigheten av logistikk
  • stiller høge krav til kvalitet og eigne resultat
  • tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • har eit smil på lur og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:
  • Ein arbeidsplass med mange spennande utfordringar.
  • Bli ein del av eit kjøkken i utvikling, med nye planar og høg aktivitet.
  • Moglegheit til å påverke fagområdet ditt og bidra til betre matopplevingar.
  • God opplæring, støtte frå erfarne kollegaer - og høve til å lære meir.
  • Introduksjonskurs, jamnlege kurs og leiaropplæring.

For å kunne vurdere førerett til stillingen, må søkjar gi dette til kjenne i søknaden

Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Bjarte Halleraker

Avdelingsleiar

Telefon: 951 80 683

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .
Tilbake til toppen

Helse Fonna Hf

Bedrift

Helse Fonna Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Haugesund

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS