Er du helsefagleg utdanna og brenn for eldreomsorg?
Om stillingen
Vi har ledige stillingar for helsepersonell på natt.
Vi ønskjer oss deg som:
- har eit hjarte som bankar ekstra for eldre med behov for omfattande helsetenester
- har helsefagleg utdanning som til dømes sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning. Du kan også være i eit helsefagleg utdanningslaup.
- deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er engasjert, positiv og villig til å lære
- er fleksibel og endringsvillig
- er bevisst haldningane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på ulike nattevaktlag når det trengst
Saman med dyktige kollegaer vil du utføre oppgåver som sikrar høg kvalitet og at brukarane sine rettar blir ivaretatt. Søkjarar utanfor må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Søknadane blir handsama fortløpande og det er kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju.
Arbeidsstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har eigne tilsette i nattarbeid fordelt på 5 nattevaktlag. Som helsepersonell på natt må du vera førebudd på å arbeide utover eiga nattevaktlag og bruka?kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Luranetunet sin visjon er ĢVarme og vekst i samspelģ. Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med
lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekst?står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har?eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar.
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune
Vi kan tilby:
- Vi er fleksibel med omsyn til stillingsstorleik
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalah
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Selger Modernisering til KONE i Norge, Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 25.4.2025Faglig Ansvarlig Lærlinger
Oslo - Kone Norway - Publisert 24.4.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025